«Ut og stjæle hester» pensum i Slovenia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir pensum i Slovenia

Forfattaren kan glede seg over at boka dermed når endå fleire lesarar. «Ut og stjæle hester» blir pensum for alle avgangselevane ved vidaregåande skular. Og elevane må også skrive om denne boka, i tillegg til boka «Pomladni dan» av den slovenske forfattteren Ciril Kosmac på avsluttande eksamen.

«Ut og stjæle hester» er seld til 49 land, og boka har vorte ein stor internasjonal suksess. Ho har fått fleire prisar i og utanfor Noreg, og har som ein av få norske romanar lege på bestseljarlista til New York Times, ifølgje Forlaget Oktober.

Men det stoppar ikkje der. Også Petterson-boka «Jeg forbanner tidens elv», er seld til 27 land, medan romanen «Til Sibir» er seld til 19 land og «I kjølvannet» til 16 land.

Per Petterson debuterte i 1987. Han har sidan gjeve ut sju romanar, i tillegg til «Månen over porten», ei samling personlege og litterære tekstar. (©NPK)