Fire av ti selde øl til mindreårige
Då Juvente lèt mindreårige prøva å kjøpa alkohol før jul, var 43 prosent av dei besøkte butikkane villige til å selja.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Til saman fekk 272 daglegvarebutikkar over heile landet besøk av testarane til ungdomsorganisasjonen. I 117 tilfelle kunne ungdommane gå ut med øl i bereposen.
– Det er tydeleg at daglegvarebutikkane ikkje har kontroll på ølsalet. Det er altfor lett for mindreårige å kjøpa alkohol, seier Juvente-leiar Adrian Famer Rogne. Han etterlyser betre kontroll frå kommunane.
– Det er deira ansvar å kontrollera at butikkane følgjer alkohollova. Mange stader er det få og dårlege kontrollar av butikkane, og alkoholsal til mindreårige blir sjeldan rapportert. I tillegg får butikkane som blir tekne, ei låg straff eller berre ei skriftleg åtvaring, seier Rogne.
LES OGSÅ: Avhaldsrørsla i medvind
I tillegg til hyppigare og betre kontrollar ønskjer han seg strengare sanksjonar mot butikkar som sel til mindreårige.
Samtidig som Rogne langar ut mot butikkane, skryt han av Vinmonopolet. Der enda berre 2 av 29 besøk – eller 7 prosent – med sal.
Dei mindreårige testarane til Juvente tek med seg ei vanleg vare i tillegg til alkohol når dei går til aksjon. Dersom dei blir spurt om legitimasjon, svarar dei at dei ikkje har, men spør om å få kjøpa likevel. Dei brukar aldri falsk legitimasjon. (©NPK)
LES OGSÅ: Drikk mest, studerer minst