Vil gje regjeringa klimahjelp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gje regjeringa klimahjelp

Regjeringa er heilt i sluttfasen av forhandlingane om klimameldinga. No meiner KS-leiaren at kommunane kan gjera saka enklare for Regjeringa, skriv Aftenposten.

– Vi kan hjelpa Regjeringa med dei vanskelege kutta innanlands. Med eit heilt nytt verktøy for effektiv utrekning av klimatiltak kan vi no identifisera og gjennomføra langt større kutt enn vi tidlegare har rekna med, seier Helgesen til avisa.

Helgesen reknar med at kommunane vil vera i stand til å kutta fire-fem gonger meir enn det som hittil har vore berekna, noko som vil utgjera omtrent 40 prosent av det som må kuttast på landsbasis. Finansieringa er det einaste problemet.

– Kommunane har ikkje desse pengane. For staten vil det likevel uansett kosta pengar å kutta, også dersom Noreg skal kutta i utlandet, til dømes finansiera vasskraft i Kina, seier ho.

Utrekningane til Helgesen er basert på eit nytt verktøy kalla KVIKT (kvantifisering av kommunale klimatiltak), som er utvikla av Civitas i samarbeid med KS og andre fagmiljø. Verktøyet kan mellom anna rekna ut kva ein bomring også i mindre byar som Ålesund og Molde vil føra til av kutt. SV og Sp er begeistra for forslaget frå KS, medan Ap er kritisk fordi dei fryktar dette vil finansiera tiltak som kommunane uansett ville ha gjennomført. (©NPK)

Har du tips til korleis kommunane kan bli meir klimavennlege? Del i kommentarfeltet!