Lang ventetid for fornybar energi

Miljøorganisasjonen Zero og energibransjen reagerer på at det er opp mot seks år ventetid på behandling av saker om utbygging av fornybar energi.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk vassdrags- og energidirektorat (NVE) har 728 vasskraftprosjekt og 113 vindkraftprosjekt til handsaming, skriv Nationen.

– Saksbehandlingstida må ned. Kapasiteten i NVE er eit reelt problem når det gjeld behandling av småkraftverk. Her er det lang kø, seier Oluf Ulseth, administrerande direktør i Energi Norge til avisa.

Etter at sakene er avgjort i NVE, kan dei klagast inn for Olje- og energidepartementet. Der kan dei bli liggjande i opptil eit år, ifølgje Zero. (©NPK)