God mote treng ikkje bety dyre merkeklede og eksklusiv design. Motemagasinet Puella slår eit slag for mote du har råd til.

Toyni Tobekk
Toyni Tobekk

 

– No til dags er det stort press på ungdom som er opptekne av mote. Motebildet er fullt av dyre plagg og flotte merke som ungdom ikkje har råd til, seier redaktør i Puella, Monica Flatland (17). 

I førsteutgåva av Puella kan du mellom anna lese intervju med kjende motebloggarar og folk som har oppnådd suksess i designbransjen, som gutane i Moods of Norway. Du vil sjølvsagt også finne reportasjar og bildeseriar med klede og tilbehør.

– Vi har først og fremst satsa på å vise klede frå kjeder som Cubus og H&M. Vi ønskjer å vise at du kan vere motebevisst utan at det kostar så mykje.

Impulsshopping
Eit godt tips for dei som ønskjer å kle seg opp utan å bli ruinerte på dyre plagg og flotte Chanel-vesker, er å gå på jakt etter gode basisplagg hjå dei rimelege kjedene, seier Monica Flatland.

Det er viktig å vite kva ein er på jakt etter også.

– Planlegg før du kjøper, er Monicas råd.

– Å shoppe på impuls er sjeldan lurt, og det er dessverre ofte dei plagga som blir hengte vekk langt bak i skåpet. Finn ut kva du har lyst på og leit litt rundt, heller.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Inspirerande
At dei valde å bruke Moods of Norway som bakgrunn for ei av sakene i bladet, heng kanskje ikkje heilt saman med ønsket om å synleggjere billig mote, vedgår redaktøren.

– Kleda deira er dyrare enn dei vi hadde tenkt å vise. Men vi likar at Moods of Norway har fått det så bra til til, også i utlandet. Det er så motiverande, at vi hadde lyst til å skrive om den sida av saka.

Elevbedrift
Saman med ein redaksjon på tre har Monica jobba med magasinet Puella sidan i fjor haust. Då starta ho og Emilie Risnes Øyre (17), Anja Helen Kandal (17) og Gudrun Ness (17) opp elevbedrifta si,  med føremål om å gje ut dette magasinet. Dei fire jentene går på design- og handverks-linja på Luster vidaregåande skule og er naturleg nok opptekne av mote og klede. Dei veit ikkje enno om det blir med det eine bladet, eller om det vil kome fleire.

LES OGSÅ: Vil ta rotta på mote-Noreg

– Det har vore så utruleg kjekt å jobbe med dette, og det er dette eg har lyst til å jobbe med i framtida. Eg ser ikkje bort frå at det kan bli fleire utgåver, smiler redaktøren.

Første utgåve av Puella kjem no i februar og redaksjonen skal sjølve stå for salet Magasinet har dessutan ei Facebookside. Puella er latin og betyr jente, og magasinet vender seg hovudsakleg til jenter.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34
ANNONSE