Ragnar Hovland blir festivalforfattar under Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord.

NPK
NPK

Ragnar Hovland har eit særeige og mangslungen produksjon. Han debuterte i 1979, og allereie året etter kom den første barneboka hans, Det får stå til, som gav han debutantprisen til Kultur- og Vitskapsdepartementet. Seinare har det kome over førti bøker frå han, femten av dei for barn og unge.

Med sin humoristiske og innfallsrike skrivemåte var Hovland ein nyskapar i barnelitteraturen på åttitalet, og han har seinare inspirert ein heil generasjon unge forfattarar.

Han har skrive i dei fleste sjangrar og er også ein særprega illustratør, som har illustrert fleire av sine eigne bøker. I tillegg er han musikant og komponist.

Falturiltu sette ny publikumsrekord i fjor. Til saman deltok over 3.600 menneske på dei mange tilskipingane. Årets festival vil gå av stabelen 4. – 9. november 2012. (©NPK)

Les kva me har skrive om Falturiltu tidlegare!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE