Opprettar nesten berre billigstudier

11 000 av 12000 nye studieplassar er blant dei billegaste for Kunnskapsdepartementet å opprette.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det syner ein gjennomgang Universitas har gjort av nye studieplassar finansiert av Regjeringa sidan 2007.

– Det aller dyraste er å utdanne folk til arbeidsløyse, seier administrerande direktør i arbeidsgjevarsameininga Abelia, Paul Chaffey.

Mange av kompetansefelta som er etterspurd på arbeidsmarknaden, som ingeniør og teknologifag på høgare nivå, er blant dei dyrare studieplassane. Chaffey meiner for mange utdannar seg til «billigfag» som humanistiske og samfunnsvitskapelege fag.

– Det er ubalanse mellom mengda studenter som utdannar seg i desse faga og etterspørselen i marknaden, meiner Chaffey, som understrekar at han uttalar seg veldig generelt om faggruppene.

Skeivfordeling
Stortingsrepresentanten for Fremskrittspartiet, Tord Lien, meiner KD satsar på billege studieplassar fordi dei er enkle å opprette, og dermed gjev inntrykk av å møte den aukande etterspørselen.

– Å opprette ti nye studieplassar på historie, der det allereie er 250 studentar, kostar nesten ingenting samanlikna med å sende fleire studentar inn i eit laboratorium, seier Lien.

Han meiner resultatet er skeivfordeling.

– Det blir ei sjølvforsterkande effekt der KD finansierer den typen studieplassar det er mest sannsynleg at studiestadane sjølv ville komme til å opprette. Dermed stimulerer ein ikkje til oppretting av studieplassar innan for eksempel teknologifag. Dette er årsaka til at vi manglar arbeidskraft samstundes som mange ikkje kjem ut i jobb som er relevant for utdanninga, held Lien fram. Han understrekar at kritikken går på manglande styring fra KD, og ikkje er eit angrep mot spesifikke fagområde.

– Vi treng humanistar òg. Eg vil ikkje angripe humaniora, men Tora Aasland. KD må styre opprettinga av nye studieplassar etter kva type arbeidskraft samfunnet treng.

Etterspørsel etter dyre studier
Venstres Trine Skei Grande påpeikar at mange populære studier med høge søkjartal er i kategoriane D og E, som har fått flest nye studieplassar. Likevel er ho kritisk til KDs prioriteringar.

– Vi har lenge vore kjent med at det særleg er behov for å opprette fleire teknologi- og realfagsplassar, som på masternivå er dyre studier. Her bør det komme fleire plasser, blant anna fordi det er stor etterspørsel etter disse utdanningane på arbeidsmarknaden, seier ho.

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Kim Kantardjiev, mener ønskjene til studentane blir vektlagt for sterkt.

– Vi burde definitivt gå meir over til å støtte studieplassar i forhold til kva arbeidslivet etterspør, ikkje bare kva studentane etterspør. Problemet er at det ikkje blir gjort nokon grundige undersøkingar om kva som er dei reelle behovene i samfunnet fra Kunnskapsdepartementets side. Ein har store kompetansebehov innen blant annet ingeniørfag og det er viktig at KD ikke utelukkende tenker på de behovene som er nå, men ser framover, seier han.

– Bestemmer sjølv
Kyrre Lekve, statssekretær i KD, meiner departementet prioriterer rett.

– Dei fleste som tek høgre utdanning i Noreg i dag får ein relevant jobb. Prioriteringane speglar behovet i samfunnet. Ein rapport frå 2010 spesifiserer at det vil vere behov for lærarutdanningar, utdanningar innan matematikk, naturfag og teknologi, diverse helseutdanningar og økonomi-, administrasjons- og jusutdanningar, seier han.

Lekve meiner staten og utdanningsinstitusjonene gjennom felles innsats held følgje med utdanningsbølga, men understrekar at KD har lite kontroll med kva type studieplassar som blir oppretta.

– Ikring halvparten av nye studieplassar er finansiert av staten. I tillegg har universiteta og høgskulane gjort ein kjempejobb med resten. Av dei plassane KD finansierer er halvparten merka til spesielle føremål, medan den andre halvparten er strategiske plassar som institusjonane sjølv avgjer korleis dei vil bruke. Det har ikkje KD kontroll med, seier han.

– Underfinansierer ingeniørfag
Are Turmo, kompetansedirektør i NHO, meiner at ingeniørfaga ikkje får nok pengar.

– Vi har heilt klart et rekrutteringsproblem når det gjeld ingeniørar. Vi får tilbakemeldingar om mangel på ingeniørar i jobbmarknaden og at bedrifter må seie frå seg oppdrag fordi dei ikkje finn kvalifiserte søkarar. Ikkje minst i oljebransjen ser ein dette. NHO vil motivere fleire til å ta denne typen utdanning, men vi er urolege for noko vi ser på som ei underfinansiering av ingeniørutdanningar, seier han.

Turmo tilrår at faga flyttast opp ein finansieringskategori. Han meiner fordelinga av nye studieplassar reflekterer ønska til studentmassen.

– I dag er det ei større orientering mot mellom anna samfunnsfag. Vi trur ikkje det er ein medviten strategi frå Kunnskapsdepartementet å ønske fleire studieplassar i dei rimelegare utdanningskategoriane.

Turmo understrekar at kunnskap om dei ulike studia og arbeidsmoglegheitene dei gjev er viktig.

– Ein del høgskular freistar diverre å trekke til seg nye studentar ved å tilby nye fagkombinasjonar som høyrest attraktive ut, men som det i liten grad er behov for i arbeidslivet. Det er vesentleg at ein gjev betre finansiering til ingeniørutdanning og samstundes blir betre til å hjelpe studentane å sjå dei faktiske arbeidsmoglegheitene som finst, seier han.

Les saka i Universitas!