Kina strammar visumreglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei nye reglane trer i kraft frå 20. februar, ifølgje ei orientering på nettsida til Kinas ambassade.

– Det blir litt meir tungvint, men vi bekymrar oss ikkje, seier Anne Krogh, administrerande direktør i reisebyrået Kinareiser, til NTB.

Som for USA
Ellen Wolff Andresen i reisebyrået Ticket trur heller ikkje dei nye reglane vil by på større vanskar.

– Mange av desse reglane er dei same som gjeld ved reise til USA, seier ho.

– Eg ser ikkje at dette er noko problem.

Krogh seier at reglane allereie har vore praktisert i kortare eller lengre tid overfor andre Schengen-land, og at dei derfor blir innført seint overfor Noreg. Ho trur ikkje at dei nye reglane har noko med Nobels fredspris å gjere.

Full reiseplan
Dersom du som turist ikkje har nokon invitasjon, må du i staden leggje fram ein fullstendig reiseplan med datoar for når du kjem og reiser heim. Planen må også opplyse kva byar og stader du skal besøkje, når det skjer og kva for aktivitetar du har planlagt i kvar enkelt by.

I tillegg må du leggje fram tur-retur billett og hotellbestillingar i dei viktigaste byane, ifølgje dei nye reglane.

Skal du reise for å besøkje nokon, må eit invitasjonsbrev bli lagt fram med adresse og telefon til den som inviterer. Eit invitasjonsbrev frå eit kinesisk reisebyrå eller anna selskap som opplyser om føremålet med besøket, adressa til selskapet, telefon og andre opplysningar, kan vere eit alternativ. (©NPK)