Stoltenberg åtvarar kommunane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei dramatiske kutta som fleire land rundt oss no vert tvinga til å gjennomføre i offentleg sektor, er ein av grunnane til at det ikkje kan takast for gitt at veksten her heime kan halde fram uendra, sa statsministeren i helsingstalen sin til kommunepolitikarar samla til KS-ting i Oslo tysdag.

Norske kommunar har opplevd ein historisk sterk vekst dei siste seks-sju åra. Også inntektsveksten har vore historisk sterk, ifølgje Stoltenberg.

– Likevel høyrer eg sukk frå kommunar over at pengane er borte. Dei er ikkje borte. Var dei det, ville det vore ei sak for Riksrevisjonen. Nei, pengane er brukte til lønningar, sa statsministeren, som minna om at det er tilsett 46.000 fleire årsverk i kommunesektoren sidan 2005. Det har gitt kommunane rom for å sysselsetje 70.000 fleire i same periode når deltidstilsetjingar vert rekna med.

– Ingen sjølvsagt vekst
– Ikkje ein augneblink må vi tru at det er sjølvsagt at veksten kan halde fram slik, sjølv om det stadig er uløyste oppgåver, sa Stoltenberg. Han minna om at eit lønsamt privat næringsliv, altså ein sterk privat sektor, i tillegg til balanse mellom privat og offentleg sektor, er hovudføresetnadene for å kunne byggje ut offentleg sektor vidare.

– Her heime hender det vi høyrer ordet krise brukt trass i veksten i kommunesektoren, sa statsministeren, som viste til kutta som no er under gjennomføring i europeiske land, der 490.000 stillingar skal bort i offentleg sektor i Storbritannia og 150.000 i Nederland.

Høgre-argumentasjon
Utan å nemne namn, forsøkte han å gjendrive argumentasjonen til Høgre-leiar Erna Solberg, som nyleg trekte fram Sverige som eit døme på korleis Noreg bør innrette den økonomiske politikken sin. Høgre-leiaren er sterkt kritisk til måten raud-grøne brukar oljeinntektene på og skuldar Stoltenberg-regjeringa for å ha ein feilaktig analyse av kva Noreg risikerer dersom gjeldskrisa i europeiske land også rammar oss.

Sverige derimot, som vert styrt av søsterpartiet til Høgre, har ført ein politikk som har gitt over hundre tusen fleire arbeidsplassar i privat sektor etter finanskrisa i 2008, ifølgje Solberg. Her heime har veksten kome i offentleg sektor.

Men statsministeren meiner det ikkje er nokon grunn for Noreg til å kopiere svenskane.

– Sysselsetjingsveksten har vore høgare i Noreg, både i offentleg og privat sektor og dermed totalt. Eg heiar heller på Noreg, sa Stoltenberg.

Digitale løysingar
Statsministeren retta ei sterk oppfordring til kommunesektoren om å bli flinkare til å ta i bruk nye digitale løysingar.

– Samanlikna med enkelte andre land, blant dei Danmark, ligg vi langt etter, sa Stoltenberg. Han meiner potensialet for å frigjere arbeidskraft og dermed kunne bruke meir midlar på andre fornuftige formål, er stort ved å ta i bruk nye digitale løysingar.

– Utfordringa er at denne satsinga ikkje er samordna. Dette er eit område som ropar på handling og koordinering, sa Stoltenberg, og la til at dette arbeidet må gå føre seg på tvers av kommunegrensene og mellom kommunane og staten.