Einmannshæren Æ på turnè

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven er eigentleg Æ?
– Det er vel det eg òg prøver å kome 100% fram til. Når eg finn svaret, er eg kan hende klar til å pensjonere meg frå å uttrykkje meg gjennom musikk, for det er vel det eg er; ein som bur på ei øy langt ute i havet, turnerer ikring og gjev ut plater… og kallar meg vel Æ som ei litt feilkobla forkorting for fødenamnet mitt, som då er Erling (Ramskjell, journ. anm.). Det er ikkje, som nokon ser ut til å tru, dialekt-utgåva for det personlege pronomenet "eg" …som på dialekta mi er "e".

Driv du promo heilt åleine, eller?
– Eg er vel ein utprega einmannshær, sjølv om eg har eit band eg plar å spele med. Det er jo populært å beskrive det som marknadsføring, informasjon eller opplysing, men kokar du det ned og destillerer det er det jo propaganda. Men det er jo ein stor skilnad på kva ein legg vekt på – det å skulle bli kjend/berømd/rik gjennom musikk, eller om ein ser det å uttrykke seg musikalsk som eit mål i seg sjølv.

For min eigen del, funkar det omlag slik: Ein byrjar ein personleg og ganske einspora kreativ prosess, der ein dreg andre menneske med undervegs, og så endar det opp med ei plate. Så sit ein plutseleg der med noko veldig emosjonelt som no er eit produkt… og ei og anna rekning ein synest ein bør betale. Da må ein nesten prøve å få spreidd det ut til dei som kunne vere interessert, og kome seg ut for å gjere konsertar. Men så lenge ein ikkje prøvar å framstille seg som noko ein ikkje er, er normalt høfleg og gjev journalister noko dei kan sjekke ut – så er det jo som regel nokon som gjer det, og nokre av dei att som spreier bodskapen vidare. Mange tilfeldigheiter, òg i denne bransjen, hehe.
 
Natt og Dag skreiv at Æ har bestemt seg for å konkurrere med !!! og Various Artists om å ha det vanskelegaste bandnamnet å google.
Er dette eit ledd i promo-planen din, at folk verkelig må bruke tid og leite for å finne fram til dykk på nettet?

– Hehe, Øyvind Holen blogga då skiva kom «Artisten med Noregs enklaste artistnamn, Æ, har sluppe albumet med årets vanskelegaste tittel, ”Udyrbarmark: Alfatalismanisk/Omegalomantras». Trur jo det er ein ok start å google titlane på skivene mine for å få fatt i kva eg og mine har gang i. Jeg byrja å kalle meg Æ lenge før årtusenskiftet, både som den mest ekstremt minimalistiske tilnærminga til det å ha et artistnamn, men òg grunna at personfokus aldri har vore noko tema i dei banda eg har spelt i. Kan hende eg burde få meg som karrieremål å få topptreffa på google når ein søker på Æ?

2010-utgivelsen din Prosaikk kom òg på USB, som eit album i pilleeske, kvifor USB?                           
– Det masast jo stadig om at platebransjen er daud og at framtida til musikken er truga osv. osv. Personleg trur eg menneske likar fysiske ting og estetiske objekt – og at den dimensjonen aldri vil forsvinne frå musikkformidling/presentasjon. Eg er så heldig å jobbe i hop med eit estetisk geni, Kjell Jakobsen som tek kva det skal vere av utfordringar. Her hadde eg tittelen «Prosaikk», som jo òg både høyrast ut som eit legemiddel og motsatsen til noko poetisk. Resten fall seg naturleg.

Ein fekk jo ein del peppar av typen: Kva er dette slags fancy art-opplegg, er no dette – ev. ein litt sur; jaha, eg hadde eigentleg planlagd å gjere det same sjølv, altså.. Og i stor grad lot vel pressen heile formatet passere (til Datarock gjorde noe liknande etter ett år eller så). MEN, det som er med USB er at det kan hende for tida er verdas mest praktiske format: Alle datamaskiner har ein USB-inngang, og det vil dei sikkert òg ha etter at disc-drivane er borte. Så er det jo deilig å ha masse plass til å smelle med ekstramateriale, videoar og Gud veit kva. Men eg trur folk generelt var litt skeptiske: Har høyrt opp til fleire heilt fantastiske historier om menneske som har teke feil av albumet og sterk medisin, hehe.

Kva kan publikum vente seg av Æ på turnéen dykkar?
– Ja…. det var ein relativt glad-traumatisk affære. Økonomisk, logistisk og praktisk IDIOTI, men musikalsk og artistisk sett veldig tilfredstillande – i følgje meldingane frå publikum, funka det òg veldig bra. Vi spelte veldig nede og minimalistisk på den tida, så ein kan vel seie at det var eit perfekt format for bandet.

Vi reiste ikring med heile produksjonen i ein Hi Ace, og det MINSTE vi brukte på ei opprigging/nedrigging på ein konsert var 7,5 timar. Ingen offentlege instansar/støtteordningar syntest det var noko å støtte- verken da eller i etterkant, så det har kun vore den eine gongen. Men vi er kollektivt glassklare på at vi ikke angrer et sekund.

No skal eg ut og turnere i det formatet eg speler aller mest i. Heilt åleine. Men, det er fint; ein speler kun på seg selv, og …trass i det ekstremt enkle utgangspunktet … ein har jo ein dynamikk i det ein gjer, sjølv om han denne gongen definitivt ligg på den meir minimalistiske/rolege enden av skalaen. Så da får ein dra seg framover på rein energi, vilje og forhåpentlegvis eit låtmateriale publikum finn bra.
 
Og seinare i vinter skal du på ein (ateistisk) kyrkjeturné, kva legg du i det?
– Den har vi flytta til hausten av eit par praktiske grunnar. Den seinaste skiva, Udyrbarmark: Alfatalismanisk/Omegalomantras er basert på eit bestillingsverk eg og mine gjorde for kyrkjekonserten under Trænafestivalen i 2010. Vi gav forresten den konserten ut som ei instant liveplate (òg på USB). Eit par timar etter at konserten var ferdig, miksa/mastra vi han, mangfoldiggjorde han og slapp han som ei håndnummerert utgjeving. Ein utset seg for ein del heavy ekstra-arbeid, hehe. Vi planlegg å gjere ein del kyrkjekonsertar. For min eigen del er eg ingen truende mann, og sjølv om det ateistiske/agnostiske/ikkje-religiøse aspektet ikkje er noko ein driv og proklamerer høglytt og bastant, er det like greit å ha det klargjort før ein skal til med å gjere kyrkjekonsertar. «Ektefølt musikk» og djup personleg religiøsitet har jo begge ein heilt klart andelig dimensjon.
Kan vel ikkje seie at eg har spesielt sans for dei som snakkar om barnetru, at dei trur på noko større enn seg sjølv, at dei har ein religiøs dimensjon osv., berre for å få innpass òg på den arenaen – spesielt når det dreg seg mot jul. Hykleri må vel vere hakket verre enn ateisme  
Men det skal kyrkjer ha: Jævla bra konsertlokale!
 
Kva for fem album har hatt mykje å seie for deg?
Ingen menneske er jo enkeltståande, upåverka og totalt originale – men eg trur inspirasjon ligg veldig indirekte for meg. Ein beundrar som regel artistar som ein føler er seg sjølve og ikkje prøver å vere som andre. Eg kjem sikkert til å vakne kaldsvettande, angrande og skamfull over å ha gløymt ei eller anna plate som VERKELEG har gjort inntrykk på meg. Men her køyrer eg på med ei blanding av 5 artistar/plater som er jækelsk viktig. Har unnlete klassisk musikk- berre sånn for å avgrense. Så per akkurat no vil eg seie:

The Beatles

Heile livet, dramaturgien og utviklinga til dette bandet er heilt unik. Har det eksistert betre låtskrivarar? Har det nokonsinne eksistert ein trommis som så utprega har «spelt», og ikke «slått» trommer? Bandkjemi, Phil Spector, gutsing på ny teknologi, drøy instrumentering… kor skal ein starte og kor skal ein ev. slutte? Ein kan sikkert sitje og gnu på at dei hadde ein veldig poppig start, at nokon av dei meir psykedeliske albuma er sterkare – men det er berre underordna detaljar. The Beatles er sjølve ur-Bandet.

Stefan Sundström- «Hjärtats melodi»  
No kjenner eg jo han, har turnert ein god del med han og har etter kvart vorte veldig inhabil. Difor trekk eg fram dette abumet frå før den tida, sjølv om eg like gjerne kunne sagt «Ingenting har hänt», «Spelar Allan» eller mange andre Sundström-album.

Men eg trur det er noko med dynamikken i dette albumet som svinger fra beksvarte «Snickaboan», den relativt pønka «Fula gubben Hitler» til uendeleg vakre «Sökte Gud», som treff i alle fall meg hardt og vedvarande. Det rommar så mange lag og ulike stemningar, dette albumet – først og fremst er det sjukt sterke låter med Sundströms briljante tekster og eit band som ikkje vikar unna for noko. Kan ikkje forklarast, må høyrast.

Iron Maiden- Alt fram til «Fear of the dark».  
Eg tykkjer uttrykket «guilty pleasure» er ganske døllt: Det baserar seg på skam, og at ein ikkje tør å stå for det ein meiner/føler, og har et snev av ironi i seg som eg ikkje er komfortabel med. Men om ein omformulerar det til omlag «illogical pleasure», er eg vel der med Iron Maiden. Dei har aldri skreve tekster med stor litterær verdi, dei har aldri hefta seg med å skulle vidareutvikle seg, dei er verken dei raskaste, slemmaste eller tøffaste innanfor den harde rocken. Ein kjem langt (lengst?) med bra låtar og guts. Iron Maiden er som sprit: Tek ein det inn så funkar det.

Nick Cave & the Bad Seeds » Live seeds»  
har jo ein hinsides bra produksjon. «Let Love In», «The Boatmans Call» ..the works, eigentleg. Tenkte eg måtte trekke fram denne, i og med at det er ei sjeldent bra liveskive. Vanskeleg å sette fingeren på kva som gjer det, men ein praktisk talt høyrer at her har ein ein artist og eit band som eig eikvar scene dei går ut på, og MEINER det dei held på med. Teknisk og musikalsk perfeksjon vil aldri bli eit parameter for kvalitet. Denne skiva er eit førebilete på kvalitet.

Vladimir Vysotskij                                   

Eg kan ikkje russisk, og eg veit ærleg tala ikkje om han gav ut noko studioalbum då han levde. Men han er med rette ei stor legende. Har samla meg i hop ein stor bunke CDar med han, som eg av og til sitt og berikar livet med. Dette er ikkje rått, det er blodig, drap. Emosjonell revolusjon. Samtidig så ømt, varmt og nært. Eit klassisk eksempel på at musikk er internasjonalt og utan grenser.
Sjekk òg ut Dan Fägerquist som har gjort eit par skiver med Vys på svensk, for å adde endå ein dimensjon til eit kommande oppheng.

Turné:
08.02 Mono, Oslo
09.02 Blæst, Trondheim
10.02 Cafe Victoria, Bergen
11.02 Fauske Hotell, Fauske
12.02 Skarven, Tromsø
13.02 Hamsunsenteret, Hamarøy m/ Ingeborg Oktober
14.02 Harstad Viseverft, Harstad
15.02 Lofoten Kulturhus, Svolvær
16.02 Dama Di, Bodø
17.02 Gimle, Bodø (fri alder)
18.02 Retro, Sortland
19.02 Kvitbrygga, Sortland (fri alder)

Les originalintervjuet til Victor Josefsen på nettsida til Musikkavdelinga på Deichman her!