– Det går ikkje an å leva av å vere rikast i verda, seier Trond Giske. Unge leiarar har fortalt han kva Noreg kan leva av.

mm

– Vi må utvikle eit sterkt og konkurransedyktig norsk næringsliv heile tida. Vi kan ikkje leve av å vere “det rikaste landet i verda”. Sjølv om raske endringar gjer det vanskeleg å svare på spørsmålet om kva vi skal leve av i framtida, er det heilt nødvendig å få flest mogeleg med i debatten om svaret, sa næringsminister Trond Giske då han tok i mot sluttrapporten "Noreg 2020. Kva skal Noreg leva av i framtida?".

Rapporten kjem ikkje med to strekar under svaret, men dreg opp fleire debattar – om globalisering, klima og konkurransekraft.

Hans Christian Gabrielsen, 2. nestleiar i Fellesforbundet, seier til dømes dette om miljøkrav:

– Det er meiningslaust med strenge miljøkrav som fører til at bedrifter i Noreg vert lagt ned, berre for å oppstå i land med svakare miljøkrav og forureinande energikjelder.

Statsråden tok på byrjinga av 2010 initiativ til Prosjekt Noreg 2020. To arbeidsgrupper blei etablert, ei med yngre leiarar frå næringslivet og ei med yngre tillitsvalde. Dei har delt erfaringar om trendar og utviklingstrekk som påverkar norsk verdiskaping framover. Statsråden tek innspela med seg i sitt vidare arbeid med saka i regjeringa.

Ser framover
På det avsluttande møtet er deltakarane frå begge grupper samla for å presentere publikasjonen. Han er meint å hjelpe til med å reise ein debatt om kva Noreg kan leve av i framtida. Medlemene har ulik bakgrunn, er frå ulike bransjar og bedrifter og frå alle landsdelar. Tema som har vore diskutert er mellom anna innovasjon, internasjonalisering, teknologi, miljø og den norske modellen.

 – Medlemene har sjølv styrt arbeidet i gruppene. Saman har vi prøvd å løfte blikket og drøfte dei lange linene i økonomi og næringsliv. Målet har vore å utveksle kunnskap og erfaringar og å sette dei overordna spørsmåla på dagsorden, slik som: Kvar kjem etterspørselsveksten i framtida? Kva teknologiar og løysingar må utviklast? På kva område har Noreg særskilte føresetnader for å lykkast?

Deler erfaringar
2020-prosjektet munnar ut i ein publikasjon som samlar innspel og erfaringar som gruppene har komme med undervegs.

Statsråden understrekar at han er svært nøgd med prosjektet.

– Debatten om verdiskaping i framtida handlar om kommande generasjonar sine utsikter til å leve gode liv. Målet er at barna våre skal arve eit samfunn som er enda betre enn det vi fekk i arv. Ambisjonen er ikkje å gi alle svara, men å gi eit bidrag til debatten om kva vi skal leve av i framtida. Eg håpar det vil gi inspirasjon til at enda fleire deltek i framtidsdebatten, sa Giske.

Kva meiner du Noreg bør leva av i framtida?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE