Klimautsleppa rett til vêrs

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei innanlandske klimagassutsleppa var 53,9 millionar tonn CO2 -ekvivalentar i 2010, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Det var 4,7 prosent høgare enn året før. Auka aktivitet i norsk økonomi etter finanskrisa får skulda.

Dei samla klimagassutsleppa i 2010 var noko høgare enn to år tidlegare, men likevel 1,6 millionar tonn CO2 -ekvivalentar lågare enn i toppåret 2007.

Dei samla utsleppa har auka med 8,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar sidan 1990, stikk i strid med Kyoto-avtalen.

Ifølgje denne avtalen skulle Noreg få lov til å auka utsleppa med 1 prosen.

PRØV DEG PÅ DEN STORE KLIMAQUIZEN!

Reinare industri
Olje- og gassverksemda har stått for dei største klimagassutsleppa i Noreg sidan 2007.

I 1990 var det utsleppa frå industrien som dominerte. Desse utsleppa var då nesten 2,5 gonger større enn utsleppa frå olje- og gassverksemda. I løpet av tjue år er industriutsleppa redusert med ein tredel, samstundes som utsleppa frå olje- og gassverksemda har auka med to tredelar.

Reduksjonen i utslipp fra industrien skyldes både bedriftsnedleggingar og teknologiforbetringer. Frå 2005 er utsleppa av lystgass frå gjødselproduksjon redusert med meir enn 80 prosent på grunn av innføring av miljøteknologi.

LES OGSÅ: Slik vil ungdomspartia kutta utsleppa

Teknologiforbetringer har også hatt mykje å seia at aluminiumsprodusksjonen no sleppa ut mykje mindre PFK og SF6 . Berre PFK-utsleppa frå aluminiumsproduksjon er redusert med 3,2 millionar tonn CO2 -ekvivalentar sidan 1990.

Gasskraft
Det har vore ein kraftig auke i utslepp frå energiforsyning etter 2008. Dette skuldast høgare aktivitet på gasskraftverket på Kårstø fra 2009, og oppstarten av kraftvarmeverket på Mongstad i 2010. Dette er utslepp frå bruk av naturgass til elektrisitets- og varmeproduksjon.

LES OGSÅ: Vil laga fiskefôr av Mongstad-eksos

Utsleppa frå elektrisitetsproduksjon har tidlegare vore små, ettersom denne sektoren har vore dominert av vasskraft. Øvrig energiforsyning omfattar hovudsakeleg produksjon av fjernvarme.

Auka utslepp frå vegtrafikk
Klimagassutsleppa frå vegtrafikk auka med 30 prosent frå 1990 til 2010. I 2010 var utsleppa nesten tilbake på nivået frå toppåret 2007. Godstransport står for ein aukande del av utsleppa frå vegtrafikk. Utsleppa frå personbilar og godstransport har auka med høvesvis 8 og 76 prosent sidan 1990.

Kva meiner du skal til for å kutta utsleppa i Noreg?