Folkets smak!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Folkets smak!

Eg skal naturligvis ikkje prøve å gjette noko om utfallet av den norske finalen, eller om norske sjansar i den internasjonale finalen. Først og fremst fordi eg kan komme til å ta feil. Og er det ein ting vi som skriv i aviser ikkje liker, så er det å ta feil. Det er derfor vi helst berre meiner ting som ingen friske menneske synest er feil. For eksempel:

– Du bør ikkje drive med kriminalitet.

– Dersom det har skjedd noko negativt i partiet ditt eller organisasjonen din, bør du prøve å takle det bra i staden for å takle det skikkeleg elendig.

– Dersom du har gjort noko gale, bør du seie «unnskyld» og ikkje for eksempel «dra til helvete, din dott.»

Så eg skal ikkje gjette eller spå om Melodi Grand Prix. Dessutan blir folk så sinte. Det blir jo folk nesten uansett, sjølvsagt, men folk blir sinte på så mange fleire måtar når det handlar om sånt som popmusikk og sport. For ikkje å snakke om når det handlar om smak. Melodi Grand Prix handlar om både popmusikk, sport og smak, og derfor er det ikkje måte på kor sinte folk kan bli i slike diskusjonar. Og det aller mest interessante er kanskje alle dei som lar seg irritere over at dei i det heile tatt lar seg irritere over noko så dumt som Melodi Grand Prix.

Dette er eigentlig berre endå ein grunn til å like Melodi Grand Prix. Sjølv om du ikkje liker ein einaste av songane, sjølv om du ikkje liker ein einaste av kjolane, sjølv om du ikke liker ei einaste av tennene til Marte Stokstad: Det er aldri kjedelig å lese nettdiskusjonane etter Melodi Grand Prix.

Så i staden for å drite meg skikkelig ut og spå feil vinnar, så spår eg i staden at kommentarane under minst ein nettartikkel om Melodi Grand Prix denne helga kjem til å sjå omtrent sånn ut:

Lillemeg:
Møkkaprogram. Møkkalåter. Møkkafolk.

Møkkamann67:
Det er ikke lett å trenge gjennom når en samla kulturelite og alle avisene og hele Oslo og hele det politiske korrekte NRK har bestemt seg for at en artist med innvandrerbakgrunn skal vinne. Men folket lar seg ikke diktere!

Tulla:
Jeg likte Tooji!

Møkkamann67:
Hvorfor tar du ikke bare og flytter til utlandet da? Hvis du er så innsnevra at du ikke kan respektere folkets smak?! Vi har faktisk yttringsfrihet her i landet.

Ivar:
Det er berre ein t i «ytring». Kanskje greitt å sjekke stavemåten før ein skriv innlegg.

Tulla:
Synes bare at Tooji er flink til å danse og synge.

Møkkamann67:
Jamen, så flytt til et diktatur da vell?!?

Ivar:
Det er berre ein l i «vel».

Lillemeg:
Hvorfor diskuterer vi dette? Hvem er det som interesserer seg for dette? Det er jo bare et møkkaprogram med møkkamusikk?

Møkkamann67:
Folk liker faktisk møkkamusikk. Hva med å vise litt respekkt?

Ivar:
Det er berre ein k i «respekt».

Møkkamann67:
Skaff dei et liv.

Ivar:
Det heiter altså «skaff deg et liv». Med mindre du meiner å skrive nynorsk og vil be heil ei gruppe om å skaffe seg eit liv. Då kan du seie «skaff dei eit liv». Men eg reknar med at det ikkje var det du meinte.

Lillemeg:
Skaff dere et liv, hele gjengen. Hvorfor diskutere denne dritten? jeg fatter ikke at folk ikke har noe bedre og gjøre enn å skrive teite kommentarer på nettet om en teit musikk-konkurranse som ingen bryr seg om!!!

Ivar:
Du meiner nok «..at folk ikke har noe bedre å gjøre..». Dessutan viser sjåartala at ganske mange bryr seg om denne musikk-konkurransen. 1 024 000 såg t.d. den første delfinalen. Kanskje ein idé å sjekke fakta før ein skriv innlegg.

Lillemeg:
HVEM BRYR SEG OM FAKTA?!?! HVEM BRYR SEG OM DETTE I DET HELE TATT?!?! JEG FATTER IKKE AT FOLK LAR SEG ENGASJERE AV NOE SOM ER SÅ LAVMÅL SOM DETTE?!?!

Ivar:
Det er unødvendig å bruke store bokstavar.

Møkkamann 67:
Man må bruke store bokstaver for å trenge gjennom kulturelitens politisk korrekte forsøk på å kvele folkets smak.

Tulla:
Nora er også flink.

Denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 11. februar.