Kåra til Nordens beste universitet
NTNU i Trondheim er kåra til Nordens beste universitet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I den siste målinga går Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim forbi Universitetet i Oslo og Helsingfors og legg seg på ein 16. plass i Europa, skriv Universitetet i Oslo på nettsida til Uniforum, avisa dei utgjev.
Trondheimsuniversitetet kjem på ein 80. plass i verda, mens UiO hamnar på 130. plass. Universitetet i Bergen plasserer seg som nummer 70 i Europa og 208 i verda.
Det er Swiss Federal Institute of Technology i Zürich som hamnar på førsteplass i Europa, med universiteta i Cambridge og Oxford rett bak.
På lista over dei beste universiteta i verda kaprar amerikanarane dei 16 første plassane, med Harvard, MIT og Stanford på dei tre første.
Målinga som forskargruppa Internet Lab gjer for det spanske forskingsrådet to gonger i året, tar denne gongen utgangspunkt i kor synleg universitet er på internett og kor mange forskingsartiklar og anna relevant forsking som er tilgjengeleg på nettet.
Forskargruppa meiner det å vere til stades på internett, betre reflekterer ei stor gruppe variablar som inngår i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling. (©NPK)