Vil ha samisk som sidemål
Parlamentarisk nestleiar i Ap vil at samar skal kunna velja samisk i staden for nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det meiner eg vil vera viktig for å styrkja det samiske språket, seier ho til NRK.no.
Ho peikar på at mange elevar i samiske område som ønskjer å ta timar i samisk, må gjera dette utanom skuletida.
Pedersen meiner samisk er endå meir truga enn nynorsk. Ved å gje elevane høve til å velja samisk i staden for sidemålsundervisning i nynorsk, trur ho fleire vil vera interesserte i å læra seg samisk.
Leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, meiner Pedersen set minoritetsspråk opp mot kvarandre.
– Vi i Mållaget er nok for at alle elevar i samiske område skal få meir samisk, fordi vi er for at elevane skal møta meir språk, seier Øvregård.
Han reagerer på at Helga Pedersen set samisk og nynorsk opp mot kvarandre utan at det verkar som ho har forslag til korleis det kan gjennomførast i læreplanen.
– Det høyrest ut som ein populisme som eg er overraska over, seier han.
Øvregård tvilar dessutan på at det er mogleg å læra seg samisk på dei få timane som er sett av til sidemålsundervisning.
Pedersen avviser på si side at ho set minoritetsspråk opp mot kvarandre.
– Nynorsk og bokmål er to variantar av det same språket. Eg meiner at slik skal det også halda fram, og eg er samd med utdanningsministeren i at vi skal sjå på måtar å styrkja nynorskundervisninga på. Lulesamisk og sørsamisk er direkte utryddingstruga, og då meiner eg vi må prioritera å setja inn tid og lærarressursar her først, seier ho. (©NPK)