– Ikkje mangel på realfaginteresse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vi kan registrere, er at det er godt søkt innan petroleum, geologi og maskinfag. Det er store grupper med studentar som står i kø for å få ein plass, seier Tore Wiig, prodekan for undervisninga ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Stavanger (UiS), til NRK.

Wiig meiner det altså ikkje er noko i vegen med realfagsinteressa. I fjor var det over 500 kvalifiserte søkjarar til dei 50 plassane UiS har å tilby på bachelorutdanninga i petroleum. Plassmangel og fråfall er problemet, meiner Wiig.

– Dersom vi får fleire studieplassar frå staten, kan vi få fleire studentar inn og få fleire gjennom. Det er éin av måtane vi kan gjere det på. Elles har vi ein jobb å gjere internt med å få dei som er inne i systemet vårt, til å vere meir aktive og produsere fleire studiepoeng, slik at det ikkje blir så stort fråfall, seier han.

Ifølgje ei fersk undersøking utført av Synovate på oppdrag frå Oljeindustriens Landsforening, ønskjer fire av ti unge seg inn i olje- og gassindustrien. Men det er ikkje nok studieplassar til alle.

– Vi har fastsett kvote på studieplassar, og har ikkje økonomi til å auke kvoten på eiga hand. Det må vi få pengar frå styret og staten til, seier Wiik.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Kyrre Lekve meiner den auka interessa for å bli ingeniør er eit relativt nytt fenomen, og seier at departementet er i gang med å løyse problemet.

– Den dalande interessa for realfag og ingeniøryrke har vore ein trend i mange år. Det har heldigvis snudd dei siste åra. Studietala har auka, og no treng vi fleire plassar for å møte den aukande interessa, seier Lekve. (©NPK)