Ganske provoserande

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svaret på desse spørsmåla er heilt opplagt nei.

Det er mange som skriv i avisa som blir mykje oftare inviterte til debattprogram i radio og TV enn meg. Det er mange som er mykje meir omdiskuterte og utskjelte. Det kan eg naturligvis ikkje leve med. Noko må gjerast.

Derfor skriv eg denne teksten naken.

Ikkje heilt naken, naturligvis. Det skulle tatt seg ut. Det er midt på vinteren. Det er iskaldt. Men ganske naken er eg. Deler av overkroppen er så godt som heilt naken.

Og eg skammar meg ikkje over det.

Kjenner du det?

Kjenner du at du blir litt provosert no? Av at eg nyttar eit såpass billig triks som å spele på nakenheit? Kjenner du at du får lyst til å tvitre? Får du lyst til å kommentere? Får du lyst til å protestere? Får du lyst til å debattere meg i radio og tv?

Og dersom du jobbar i ei avis: Får du lyst til å ringe kjendisar som har vore nakne og spørje dei kva dei synest om at eg skriv i avisa naken? Fantaserer du om overskriftene? «Naken-artist støtter naken-spaltist»? «Full naken-strid om naken-avis»?

Eller tenker du at dette berre er ein billig og lettvint måte å gjere narr av nakenfikserte popstjerner på? Nedlatande, kanskje? Synest du eg er nedlatande?

Eller tenker du at dette berre er noko eg gjer for å drite ut teite aviser som gir masse merksemd til folk som kler av seg, og som aldri lar sjansen gå frå seg til å skrive «sex» eller «naken» i ei overskrift? Og tenker du at det berre er sååå typisk sånne sarkastiske kommentatorar som meg, å velje seg verdas enklaste motstandar: Dei dumme tabloidane.

Elles synest du at eg bommar heilt, fordi eg ser vekk frå at dei andre som skriv provoserande ting i avisa og hamnar i debattar i radio og tv faktisk meiner noko?

Og tenker du at eg tyr til dette trikset fordi eg sjølv ikkje har noko å komme med? Eller berre vil ha merksemd? Eller er misunnelig?

Kjenner du det? Hæ? Kjenner du at du blir provosert?

Eller kjenner du berre at det å skrive naken er ein litt merkelig ting å gjere?

Vel, merkeligare skal det bli. Og meir provoserande skal det bli.

For det er ikkje berre det at eg er ganske naken når eg skriv dette. Eg ligg også i ein utfordrande positur.

Der fekk du noko å tenke på.

Eg veit ikkje om du har prøvd å skrive liggande i ein utfordrande positur, men tru meg, lett er det ikkje. Spesielt ikkje når ein ligg på eit fleire år gammalt skrivebord frå IKEA som knakar faretruande.

Men skal eg la meg stoppe av knakinga?

Ja, naturligvis skal eg det, dersom det er fare for at heile greia kan knekke. Sjølvsagt stoppar eg då. Eg er jo ikkje gal heller. Vel har eg lyst til å gå nye vegar for å nå ut og provosere, men eg har jo ikkje lyst til å dette fleire titals centimeter ned på eit golv. Det får vere grenser.

Men inntil vidare så ligg eg altså her, ganske naken i utfordrande positur på eit knakande skrivebord. Og skriv.

Kjenner du deg provosert!

Nei? Du berre ler?

Ok. Kanskje eg skal prøve å meine noko skikkelig ekstremt medan eg ligg her? Utfordre nesten alle fordommar på ein gong ved å både spele på sex og meine noko ekstremt, samtidig. Då får folk noko å tenke på!

Problemet er naturligvis at eg ikkje meiner så veldig mykje som er ekstremt. Men eg kan sikkert finne på noko.

Eg er motstandar av eit fritt samfunn!

Hah!

Der fekk du noko å tenke på.

Men sannsynligvis trur du jo ikkje noko på at eg er motstandar av eit fritt samfunn. Så eg er eigentlig usikker på kva eg oppnådde med å skrive akkurat det.

Eg er i det heile tatt ganske usikker på kva eg oppnår ved å skrive denne spalta nesten naken.

Dessutan er eg ganske usikker på om det var ein god idé å legge seg på dette skrivebordet. Det knakar veldig no.

Eg er i det heile tatt ganske usikker på veldig mykje.

Kanskje det rett og slett er det som er problemet mitt?