Utanlandske turistar i kø for hytter

Etterspurnaden etter utleigehytter til utanlandske turistar er no så stor at det ikkje er nok hytter å oppdriva.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norske fjordar og fjell står høgt i kurs blant europearar som vil feriera i leigd hytte. For å kunna møta etterspurnaden treng vi avtalar med endå fleire hytteeigarar, seier Espen Hjulstad, leiar for Novasol i Noreg i ei pressemelding.

Novasol er den største utleigaren av feriebustader i Europa. Selskapet har alt nær 2.000 norske feriebustader å tilby kundane sine, men det er ikkje lenger nok.

– Sjølv i det økonomisk sett vanskelege året Europa har lagt bak seg, auka talet på bortleige veker på dei norske hyttene våre med 3 prosent. Starten på 2012 har dessutan vore lovande og tyder på ein endå høgare vekst i år, seier Hjulstad.

Novasol er på jakt etter hytter av ulik storleik, standard og geografisk plassering, men hytter som ligg nær sjø og fjord eller på fjellet nær alpinanlegg er mest attraktive.

– Mange norske hytter blir lite brukt. Viss eigarane heller kan tenkja seg å leiga ut i deler av året, vil vi gjerne ha kontakt med dei, seier Hjulstad.

Hytteeigarane som vel å leiga ut gjennom selskapet, sit igjen med litt under to tredelar av leigeinntekta. (©NPK)