Den store klimamisforståinga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den interne striden i regjeringa om den komande klimameldinga er venta å bli ein av dei store politiske thrillerane i år. Kampen handlar i stor grad om korleis klimaforliket frå 2008 skal tolkast, ikkje minst om kor mykje Noreg skal redusere utsleppa sine innanlands. Kortversjonen:

Finansdepartementet og delar av Arbeidarpartiet vil heller betale for utsleppskutt i andre land, medan SV og Sp held fast ved at Noreg skal ta to tredjedelar av utsleppskutta innanlands.

Men denne artikkelen handlar om noko anna. Den nemnde striden kamuflerer nemleg at ambisjonane i forliket ikkje er så høge som dei vanlegvis blir framstilte. Sjølve kjernepunktet i klimaforliket – kor mykje Noreg skal kutte klimagassutsleppa sine – har blitt feil presentert i den offentlege debatten sidan forliket vart inngått av alle stortingspartia unnateke Frp i januar 2008.

Vanskelege prosentar
Den vanlege framstillinga av forliket er slik: Noreg skal innan 2020 redusere klimagassutsleppa i verda tilsvarande 30 prosent av dei norske utsleppa i 1990. To tredjedelar av desse kutta, med andre ord 20 prosent av 1990-utsleppa, skal Noreg få til med tiltak innanlands. Her er nokre døme:

«Klimaforliket målsatte en djerv reduksjon i norske utslipp på 30 prosent innen 2020 – med utgangspunkt i tallene fra 1990.» (Leiar i Bergens Tidende 27. mai 2011)
«I forliket heter det at Norge skal kutte sine utslipp av klimagasser med 30 prosent innen 2020, i forhold til 1990-nivået. To tredeler av disse kuttene skal tas på hjemmebane.» (NTB 17. januar 2012)

«Norge skal kutte sine klimagassutslipp med 30 prosent innen 2020 sammenlignet med 1990-nivå.» (Heimesida til Venstre)

«Ifølge klimaforliket skal Norge i 2020 kutte utslippene med 30 prosent sammenlignet med 1990-nivå. To tredjedeler skal tas innenlands.» (Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv 16. juni 2011

«Ifølge forliket skal Norge innen 2020 kutte utslippene med 30 prosent sammenlignet med 1990-nivå. To tredjedeler skal tas innenlands.» (Astrid Meland i Dagbladet, 28. juni 2011)

Dette var vel eintydig og greitt, ikkje til å misforstå. Og presentert på denne måten kan klimaforliket verke ganske ambisiøst. Å redusere dei norske klimagassutsleppa med 20 prosent frå 1990-nivået – det er da ikkje så verst? Og med slike høge mål er det vel ikkje rart at

Finansdepartementet strittar imot? Da er det vel ikkje rart at LO skrik opp om industridød om Noreg skal ta på seg så store utsleppskutt? Da er det vel ikkje rart om dette kan skape regjeringskrise?

Triks med tal
Men så er det altså ikkje dette klimaforliket seier. Det berre ser slik ut. Forliket har ikkje som mål at utsleppa i Noreg i 2020 skal vere 20 prosent lågare enn dei var i 1990. Og som ein journalist som skriv om klimaspørsmål rett som det er, er det tid for å skamfullt erkjenne at eg sjølv har misforstått innhaldet i klimaforliket – heilt til denne veka.

På tysdag vart nemleg mistolkinga påpeika av Guri Tajet, leiar for klima- og miljøavdelinga i Framtiden i våre hender, i eit lite lesarinnlegg i Aftenposten med tittelen «Talltriksing mot klimaet». Det er ikkje 1990 som er utgangspunkt for kutta i klimaforliket, understrekar Tajet. Det er dei forventa norske utsleppa i 2020. Og dei kjem til å vere langt høgare enn i 1990, om det ikkje blir gjort nokre kraftfulle politiske inngrep.

No må vi inn i nokre litt keisame teknikalitetar, som truleg er grunnen til at dette forliket har blitt misforstått av så mange. (Om du synest dette er trasig lesnad, så ikkje skuld på Dag og Tid, skuld på dei som formulerte seg så bysantinsk da dei laga teksten til klimaforliket.)

LES SISTE KLIMANYTT HER!

Djevelen i detaljane
Vi tek dette punktvis:

1. Dei norske klimagassutsleppa i 1990 var kring 50 millionar tonn CO2-ekvivalentar.

2. I klimaforliket heiter det at det er «realistisk» med utsleppskutt i Noreg på 15–17 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020.

3. Så kjem opphavet til misforståinga: Utgangspunktet for utsleppskutta, altså det nivået vi skal kutte 15–17 millionar tonn klimagassar årleg frå, er ikkje Noregs utslepp i 1990. Det er dei forventa utsleppa i Noreg i 2020 – den såkalla «referansebanen», altså ein prognose for kva dei norske utsleppa vil bli det året om vi ikkje set inn nye tiltak for å redusere dei.

4. Da klimaforliket vart inngått, tilsa referansebanen at utsleppa i 2020 blir kring 59 millionar tonn CO2-ekvivalentar for året. Trekkjer vi frå 15–17 millionar tonn frå dette, er altså målet for 2020 at årlege norske utslepp ikkje skal vere meir enn 42–44 millionar tonn klimagassar.   

5. Dermed kan Noreg i 2020 oppfylle klimaforliket utan å kutte meir enn 12 prosent av utsleppa sine frå 1990-nivået. Om dette blir resultatet etter tretti år med klimadebatt, dommedagsvarsel og store lovnader, er det ikkje nett imponerande. Likevel meiner altså Finansdepartementet og LO at dei innanlandske kutta forliket legg opp til, er altfor store.

Vanskeleg med vilje
At vi journalistar mistolkar og mistyder ting, er sørgjeleg normalt. Men det rare med den utbreidde misforståinga om klimaforliket er at ikkje miljøpolitikarane har vore ute og korrigert ho heller. Tyder det at også dei har misforstått innhaldet i forliket, eller kan det vere at dei ikkje har vore interesserte i å få fram kor lite ambisiøst forliket faktisk er?

Vi ringjer Venstre-leiar Trine Skei Grande. Ho er i alle fall fullt klar over at det er «referansebanen» for 2020 og ikkje 1990-utsleppa som gjev utgangspunktet for utsleppskutta i klimaforliket. Og ho er ikkje spesielt glad for det.

– Den forbaska referansebanen forvanskar berre diskusjonen. Men det er typisk Arbeidarparti-taktikk: Når dei ikkje har lyst til å gjere noko, finn dei på formuleringar som er vanskelege å forstå og forklare.

– Men Venstre har òg skrive under på forliket, så de må jo òg ha stilt dykk bak formuleringane?

– Eg var ikkje med og forhandla da. Men vi var klare over problemet med å bruke referansebanen, og vi visste at klimaforliket var for lite ambisiøst. Det er difor Venstre har laga si eiga klimamelding, seier Grande.

– Feil framstilling
Også Ketil Solvik-Olsen, tidlegare miljøtalsmann for Framstegspartiet, no i finanskomiteen, er klar på at måla i klimaforliket ikkje er så ambisiøse som mange vil ha det til. Han tykte i grunnen at forliket var ganske greitt. Bortsett frå eit punkt om drivstoffavgift meinte Solvik-Olsen at Frp gjerne kunne ha skrive under på teksten – Frp var det einaste partiet som ikkje slutta seg til.

– Klimaforliket blir framstilt som noko anna enn det er. Truleg fordi dei såkalla miljøpartia har ønskt å framstille forliket som meir offensivt enn det er grunnlag for, seier Solvik-Olsen.

– Har du inntrykk av at politikarane på Stortinget har forstått kva klimaforliket faktisk seier om dei norske utsleppskutta?

– Ut frå debatten verkar det som om dei ikkje har forstått det. Men om det er slik, eller om det ikkje passar for dei å seie det som det er, veit eg ikkje, seier Solvik-Olsen.

Nikolai Astrup, miljøpolitisk talsmann for Høgre, stiller seg uforståande til heile problemstillinga:
«Det bærer galt av sted når du trekker frem 20 pst kutt fra 1990-nivå. Jeg vet ikke hvor du har 20 prosent reduksjon i forhold til 1990-nivå fra. Det er ikke noe som står i klimaforliket eller klimameldingen, og ikke noe jeg har hørt noen politiker, verken fra Høyre eller andre partier snakke om», skriv Astrup i e-brev til Dag og Tid.

QUIZ: Prøv deg på klima-quizen vår!

Ein populær feil
Dagfinn Høybråten signerte klimaforliket på vegner av KrF i 2008. Også han er heilt innforstått med at forliket ikkje sa at Noreg i 2020 skal kutte utsleppa med 20 prosent frå 1990-nivået.

«Klimaforliket sier ingenting om 20 prosent reduksjon av innenlandske utslipp i forhold til 1990. Det er en popularisert fremstilling som ikke blir riktig, i og med at man tar utgangspunkt i referansebanen på 59 millioner tonn når man beregner andelen nasjonale utslippskutt», skriv Høybråten i e-brev til Dag og Tid.

Kor vidt og breitt den populariserte framstillinga av det norske klimaforliket har nådd, i politikken og i den opplyste ålmenta, er ikkje godt å seie. Men vi kan i alle fall slå fast at denne framstillinga er populær – og at ho er feil.

LES SAKA I DAG OG TID!