Fiskeavfall skal mette Afrika

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fiskeavfall, kapp frå filetindustrien og fiskehovud, er råstoff som stort sett vert kasta rett på havet. No viser det seg at det kan vere ein stor internasjonalt marknad for desse produkta. Ifølgje dagleg leiar i Siglar Lofoten AS, Erling Falch jr. i Svolvær utgjer dette store verdiar.

– Gjennom eitt år er det snakk om verdiar for over ein milliard kroner som vert dumpa, seier Falch til NRK.

Og denne milliarden vil Erling Falch no ha sin del av. Han har opna eit fisketørkeri i Svolvær, der han vil tørke det som normalt vert kasta og selje det til Afrika.

Tørkeriet har kapasitet til å tørke 45 tonn kvar dag. Målet er heilårsdrift og marknaden ligg i Nigeria – eit land med 170 millionar innbyggjarar som gjerne kjøper tørka fisk i alle variantar.

Innovasjon Noreg har støtta det nye tørrfiskprosjektet til Siglar Lofoten i Svolvær med 6,6 millionar kroner. No ser eigarane for seg at det kan etablerast 60 nye arbeidsplassar ved bedrifta. (©NPK)