Studentar stiller svakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på uføretrygda stig for unge. Ifølgje NAV auka talet på uføre mellom 18 og 29 år med 7,7 prosent i over det siste året. Er du student og blir ufør er det stor sannsyn for at du stiller dårleg økonomisk sett.

Ønskjer auka medvit
– Det er veldig få studentar som har uføreforsikring, i tillegg til at dei ikkje har noko arbeidshøve som sikrar dei. Dette gjer at om ein skulle bli 100 prosent ufør kan ein risikere å måtte leve på minstepensjon resten av livet, fortel Vidar Korsberg Dalsbø, kommunikasjonsrådgjevar i DNB Nor.

Han meiner at studentar bør tenkje meir over dette.

– Det å bli ufør er noko som plutselig kan hende, og har du først vorte ufør får ein ikkje teikna ei forsikring. Difor bør ein stille seg spørsmålet; om eg blir ufør i morgon, kva sit eg att med? Skaffar ein seg forsikring mottek ein ekstra inntekt enten du er ufør for ein periode eller resten av livet, seier Korsberg.

Mellom to lover
Velferds- og likestillingsansvarleg ved Norsk studentorganisasjon (NSO), Mari Berdal Djupvik, fortel at ein kan teikne ei god forsikring gjennom dei. Ho trekk samtidig fram at det må gjerast noko med lovene.

– Studentar står mellom to lover, dei har inga tryggleik i arbeidsmiljølova, og det står ingenting i universitets- og høgskulelova. NSO sit i ein samarbeidskomité med Kunnskapsdepartementet for å sjå på om ein kan få til ei lovendring, men ein har ikkje kome fram til noko konkret enno, forklarar Djupvik.

Ho håpar på ei endring for studentane si skuld, men seier det er lite fokus på det.

– Ei av årsakene kan nok vere at det er få studentar som blir uføre, men det er veldig viktig for dei det gjeld.

Les og saka i Studvest!