På veg mot forfattardraumen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På veg mot forfattardraum

– Det ser ut som varemerket ditt er å ha med ein utilpass sexscene, seier Thea Gjestvang-Knutzen. Ho held i teksten til ein av medstudentane sine.

Skrivelærar Tormod Haugland ved Skrivekunstakademiet i Bergen sit i enden av det ovale bordet og let brillene skli nedover nesa. Før han rullar pennen i handa. Tre gutar og seks jenter sit rundt bordet, i tillegg til Tormod og ein gjesteførelesar. Det er like mange kulepennar i rørsle. Dei fleste i lufta, nokon markerer avsnitt og setningar som skal hugsast.

Alle tenkjer høgt om teksten. Dei spør og undersøkjer. Så tutar Hurtigruta. Om du kikkar ut vindauget, kan du sjå masta på ein seglbåt som vippar fram og tilbake. På golvet ligg to Fjällreven-sekkar som har vore ute ein vinterdag før. På bordet flyt det med samanstifta ark, nokre av desse skal kanskje verte bok ein dag.

LES OGSÅ: På listetoppen før boka er gjeven ut

– Den beste utdanninga
– Eg synest det er heilt fantastisk å skrive. Eg føler at eg klarar å formidle noko, seier Maria Bjørnsen Bokneberg (29).

– Det har hengt høgt å få gå her. Det er den beste utdanninga innan skjønnlitterær skriving i Noreg, seier Thea Gjestvang-Knutzen (21).

Dei har mykje å leve opp til. Mange av studentane her har vorte kjende forfattarar, mellom anna Karl Ove Knausgård, Olaug Nilssen, Agnes Ravatn, Henning Bergsvåg, Nils Henrik Smith og Espen Stueland. Knausgård skildrar òg si tid ved Skrivekunstakademiet i si bok Min kamp 5. Der vert lesarane kjend med ein kunstnar som ivrar etter å få skrive, trongen etter å skrive er svært sterk.

Skrivelærar Haugland fortel kven som kan byrje på utdanninga:

– Ein må ha eit bestemt ynskje om å lære noko om skriving, så kan ein velje kva ein vil bruke det til. Men nær alle av våre studentar har vel ein draum å gje ut ei bok.

Hard kamp
I fjor var det søkjarrekord til studiet, 137 kjempa om 12 plassar. Berre ni prosent av søkjarane fekk plass. For å søkje må ein sende inn ein skjønnlitterær tekst på maks 15 sider. Ein opptakskomité vurderer tekstane og vel kven som kjem vidare. 12 får tilbod om plass, 12 får stå på venteliste. Søknadsfristen er 2.april. Sjå meir om søkjeprosessen på Skrivekunstakademiet si heimeside.

– Vi ser etter talent og folk som allereie skriv på eit visst nivå. Det er kanskje ikkje krim og science fiction det er mest av, seier dagleg leiar Rolf Enger ved Skrivekunstakademiet. Aldersspriket blant studentane har vore frå 19 til 50, snittalderen er kring 28-29 år. Blant søkjarane i 2011 var 60 prosent kvinner.

Praktisk retta utdanning
Undervisninga ved akademiet er ein kombinasjon av undervisning og skrivedagar. Akademiet er ein del av høgskuletilbodet og ein får studiepoeng som ved andre studium.

Medan skriveutdanninga ved Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Bø i Telemark er ein blanding av litteratutdanning og skriveutdanning, er det i Bergen ei mest praktisk utdanning.

– Her legg vi vekt på at studentane skal produsere og lese tekst, og på den måten auke skriveferdigheiter og leseferdigheiter, seier Enger. Noko som er viktig å lære er å gi respons på andre sine tekstar.

Tilbyr ulike kurs
I tillegg til årseininga, tilbyr Skrivekunstakademiet ulike typar kortare kurs, som sommarkurs og responskurs. Dette er for skribentar som jobbar med eit manus og ynskjer hjelp til å kome i gang eller ei tilbakemelding på det dei har skreve. Fristen for å søkje responskurs er 17.februar, for sommarkurset 1.juni.

– Kanskje sit du med ein haug av tekstar i skrivebordskuffen, og du lurar på om dette er noko å satse på, seier Enger.

Rundt det ovale bordet er framleis alle langt inne i teksten til Simon. Kan læraren allereie no sjå kven som kjem til å verte store forfattarar?

Uvisst kven som vert store
– Ofte så ser ein at kanskje dei som verkar som store talentar, ikkje debuterer. Å kome inn er svært vanskeleg, så alle har litt talent, seier Haugland.

– Det å blir forfattar krev at ein vil bli det. Vi kan ikkje utdanne forfattarar, men ein kan leggje grunnlaget her, understrekar han.

I enden av bordet er papira på veg ned i sekkane.

QUIZ: Kven skreiv boka?

– Eg har lyst til å gje ut noko, kor lang tid det tek, veit eg ikkje. Det kan ta tre, fire, fem, ti år, seier Maria Bjørnsen Bokneberg. 

Tormod avrundar. Skuledagen er slutt.

– Vi samlast altso på Legal (utestad i Bergen) i kveld. Kven kjem?