Dyrt å gjera Noreg til batteri

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) vil gjere Noreg til Europas grøne batteri.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kapasiteten på kraftoverføringane frå Noreg til Europa må bli auka vesentleg. Vi må byggje fleire nye kraftleidningar. Dette er viktig for å realisere klimamåla i Europa og bidra til ei gunstig næringsutvikling innan energisektoren i Noreg, seier NHO-president Kristin Skogen Lund til NTB.

Overføringskapasiteten mellom Noreg og Europa er i dag på 1.700 megawatt. Ein ny kabel – som allereie er vedtatt – vil auke kapasiteten med 700 megawatt, men dette er langt ifrå nok, meiner NHOs energipanel.

Kor mye det vil koste å gjere Noreg i stand til å selje fleksibel kraft til Europa, våger ikkje NHO å seie. Men det er snakk om store summar.

I motsetning til atomkraft, kolkraft og sol- og vindkraft kan vatn bli lagra i magasin og bli brukt ved behov. Den norske vasskrafta kan dermed fungere som eit oppladbart batteri for europeiske straumkundar. Også gasskraft kan brukast på denne måten, nemner NHO. (©NPK)