Å vere frivillig gjev studiepoeng
På NLA Høgskulen får studentar med frivillige verv no studiepoeng for innsatsen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I haust starta kursinga av studentrepresentantane ved NLA Høgskolen. Det har ført til faget «Studentdemokrati», som svarar til fem studiepoeng.
– Det gjev eit løft med tanke på det å vere engasjert student, og vil forhåpentlegvis auke interessa for å delta, seier Camilla Hermansen, leiar for Studentparlamentet ved NLA.
For å få poenga må ein, i tillegg til å sitte i omfattande verv, ha eit organisasjons- og studentdemokratikurs, vere med på møter som svarar til 80 prosent oppmøte, skrive eit refleksjonsnotat og lese pensum.
– Signala fra leiinga på NLA er veldig positive og det ser ut til at dei vil utvikle faget vidare til å omfatte 10 studiepoeng, fortel Hermansen.
Ho håpar no at ordninga kan bli ein modell for andre private høgskular.
– Mange slit med engasjementet kring studentdemokratiet, og det er vanskelig å få til slike fag. Mange veit ikkje kva det fører med seg.
– Kvifor skal frivillig arbeid bli løna med studiepoeng?
– Det står klart i lova at ein skal legge til rette for studentdemokratisk arbeid. Dei som sit der brukar mykje personleg tid på å gjere ein skilnad for andre og det at man får litt studiepoeng gjør noko med motivasjonen, seier Hermansen.
– Ikkje naudsynt på NHH
Norges Handelshøyskoles Studentforening (NHHS) har inga tildeling av studiepoeng for frivillige verv. Sjølv om det hender at nokre av dei engasjerte tek færre fag på grunn av arbeidsmengda det fører med seg, meiner NHHS at dei ikkje treng noko form for godtgjersle.
– Alt som går føre seg i NHHS er frivillig, og vi er nøgde med det. Engasjementet er så høgt at det ikkje er naudsynt å løna verva, seier Saliba Andreas Korkunc, leiar for Kjernestyret.
Han ser positivt på at andre institusjonar innfører tildeling av studiepoeng.
– Det er eit spanande initiativ. Med innføring av studiepoeng kan ein konsentrere seg meir om vervet, seier Korkunc.
Ønskar utviding
Høgskolen i Bergen (HiB) har sidan 2001 hatt ei ordning som gjev studentar i tillitsverv med et visst omfang fem studiepoeng gjennom faget «Organisasjon i praksis».
– Det er eit bra tilbod, men fem studiepoeng er for lite for å få innpass på dei fleste studiene. Det gjer at det i dag kun er ved to utdanningar ein kan bruke faget i graden. Dei fleste må ta det i tillegg, seier Anders Kvernmo Langset, leiar for Studentparlamentet ved HiB.
Han meiner at ideelt sett burde det ha vore på 10 eller 15 studiepoeng slik at det får innpass i ein grad.
– Poenget er å dokumentere erfaring og kunnskap ein har tileigna seg, og oppgåvene studentane skriv er i dag ein ubrukt ressurs.
På plass i 2013
Universitetet i Bergen (UiB) oppretta i 2005 eit liknande fag som pilotprosjekt. Faget vart ikkje følgt opp då, men no trur Jorid Martinsen, fag- og forskingsansvarleg i arbeidsutvalet for Studentparlamentet ved UiB, at eit studentdemokratisk fag kan vere på plass våren 2013.
– Det er viktig at faget blir fagleg ankra og lever opp til same krav til kvalitet som andre universitetsfag. Verv skal ikkje «lønast» med studiepoeng, men det skal være et verkty for dei som driv frivillig studentpolitikk og organisasjonsarbeid, seier Martinsen.
Ho ser for seg eit ope fag på 10 til 15 poeng.
– Vi ønskjer eit ope opptak for uløna frivillige stillingar og aktørar utanfor politikken som treng meir kompetanse, fortel Martinsen.
Kritisk til godtgjersle
— At ein må bruke gulrøter for å rekruttere studentar til verv er trist, meiner Samfunnet-leiar.
– Eg synest generelt at ein skal engasjere seg frivillig på bakgrunn av idealisme og ikkje godtgjersle, seier Maria Dyrhol Sandvik, leiar for Studentersamfunnet.
Derimot er ho meir positiv til tildeling av studiepoeng enn betaling i kroner og øre, men er skeptisk til det som metode for å rekruttere fleire inn i studentpolitikken.
– Det er spesielt synd at dei slit med rekrutteringa sidan dei er dei viktigaste organa vi har. At ein må bruke gulrøter for å rekruttere er trist, seier Sandvik.
Ho meiner at studentpolitikken sjåast på som lite relevant for studentane og syner til den låge valgdeltakinga.
– Den låge oppslutninga gjev dei eit legitimitetsproblem. Hadde studentpolitikken vore relevant så hadde folk meint og stemt meir, seier Sandvik.
Ho legg vekt på kor viktig det er å få attende engasjementet for frivilligheita i studentpolitikken.
– Det er viktigare å attvinne engasjementet enn å alltid snakke om kva ein personleg skal få attende, seier Sandvik.