På listetoppen før boka er gjeven ut
Kristine Tofte hoppa rett inn på andreplass på bestseljarliste.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klokka fire natt til måndag sendte stordabu Kristine Tofte manuset til den andre fantasyboka si "Song for Eirabu – Vargtid" til forlaget. Nokre få timar seinare låg boka som nummer to på Haugen bok si liste.
– Det er litt sprøtt, seier forfattaren når me slår på tråden.
Boka er nemleg ikkje i butikkhyllene før om fire månader. Ifølgje Tofte sjølv skal det ha vore ein kampanje via sosiale media i helga.
– Bloggaren Ida Jackson skreiv eit innlegg laurdag som har gjeve stort utslag.
Med bloggtittelen "Kan vi redde Eirabu, Internett?" oppmodar Ida Jackson folk om å bestilla boka. Dei to siste dagane har det strøymd på med førehandstingingar.
– Ho skriv at dersom me vil at det skal komma ut fantastybøker for vaksne, så lyt ein kjøpa dei. Det er svært få bøker i denne sjangeren på marknaden, og dette er også eit signal me vil gje til forleggjarane, seier Tofte som debuterte med "Song for Eirabu – Slaget på Vigrid" på Tiden Norsk Forlag i 2009.
– Det finst ein marknad for denne type bøker, slår ho fast.
Det første opplaget på den andre boka i rekkja blir på 1.500 eksemplar. Tofte kunne tenkt seg eit større opplag.
– På ein måte er realitetane at me sel veldig lite. Det blir gjeve ut sikkert 500 bøker i året som berre sel hundre eksemplar. Eg håpar å selja meir enn det, spesielt sidan dette er så tidkrevjande. Eg har brukt seks år på desse to bøkene og er enno ikkje ferdig.
Kristine Tofte er aktiv på sosiale media, både på Twitter, i bloggar og på Facebook. Ho meiner det kan vera ein styrke i kampen om lesarar.
– Folk bryr seg om kvarandre på internett og spreier lenkjer som i helga.
No kjennest det godt å vera ferdig med manuset, synest ho.
– Det var veldig gøy å senda første utkast klokka fire om natta, for så å vakna til at eg var på andreplass på lista.