Folk positive til elbilar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

52 prosent av dei spurte svarar at det er uaktuelt å kjøpe elbil innan dei neste to åra. Motstanden er størst i Nord-Noreg, ifølgje målinga som Sentio har laga for utviklingsselskapet Profero.

I Nord-Noreg svarar 66 prosent nei på spørsmål om dei vurderer elbil som alternativ dersom dei skal kjøpe ny bil dei neste to åra. I Oslo og Akershus er det 45 prosent som ikkje vurderer elbil som alternativ i det heile, skriv Nationen.

I teorien er folk likevel positive til elbilar. På landsbasis svarar 35 prosent at dei kan sjå for seg elbil som bil nummer to, og 13 prosent kan sjå for seg elbil som hovudbil i familien.

– Det har vore nærliggjande å tenkje på elbil som eit byfenomen. Vi vil utfordre den tenkinga, seier dagleg leiar Gisle Bakkeli i Profero.

Seniorrådgjevar Tom E. Nørbech i Transnova, Samferdselsdepartementets prosjekt for å redusere CO2-utslepp frå transportsektoren, meiner at folk har rekkjeviddeangst. Derfor er det så mange som ikkje vil vurdere å kjøpe elbil, trur han.

I dag finst det i underkant av 20 hurtigladestader i Noreg. Talet skal aukast med 50 innan kort tid. Hurtigladarar er ladestasjonar som ladar opp ein elbil på 20 minutt. (©NPK)