Vann med grøn kunnskap

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

126 gründerspirer frå heile landet har i to døgn grubla, diskutert, jobba fram sine løysningsforslag på framtida sine energiutfordringar på Nasjonal Gründercamp i Trondheim.

Med grøn nettside og gratis energirapport, gjekk laget frå Atlanten Vidaregåande skole til topps. Ideen har dei kalla ”Grøn kunnskap”. Med eit informasjonsopplegg skal dei gje bustadeigarar svar på kva for energiløysingar som er tilgjengelege i nærområdet der dei vil byggja.

– Løysinga til vinnarlaget er kjemperelevant. Det er behov for tenesta, den forenklar kvardagen og kan tilpassast lokalt. Dette er ei spennande løysing som har stort potensial for å gjere ein forskjell, seier Anne M. Abelgaard, ansvarleg for barne og ungdomssatsinga til Enova.

Vinnargruppa meiner at det viktigaste prinsippet er at bustadeigarar ikkje skal trenga å vere ekspertar eller ha noko førehandskunnskap om energiløysingar for å velja ei god løysing.

Hemmeleg oppgåve
Oppgåva på årets gründercamp var konfidensiell inntil han vart offentliggjort på den offisielle opninga av gründercampen på torsdag. Etter det har ungdomane hatt eit intenst døgn med oppgaveløysing.

I år var oppgåva å finne framtida si energiløysingar for morgondagens bustader, og setje ord på kva dei legg i omgrepet ”Det grøne gullet”.

– Då me fekk spørsmålsstillinga ”kva er det grøne gullet”, tenkte me at gull er noko varig og verdifullt. Me ser på kunnskap som det same. Utan kunnskap har ein ikkje føresetnad for å ta dei beste vala, seier Vetle Wang Soleim frå vinnarlaget.

I vurderinga av forslaga la juryen blant anna vekt på gode argumentasjonsrekkjer, framtidsretta og nytenkjande løysingar. I tillegg måtte vinnarane utarbeide ein god forretningsplan – med anslag på energigevinst.

Over 2900 elevar frå vidaregåande skule har delteke på lokale gründercampar.

LES OM ANDRE ENTREPRENØRAR HER!