Stian Aleksander Toft lada opp med gammaldags brettscrabble før han slo til og vann Wordfeud-æresligaen.

NPK-NTB-Anna Nesje/Dag Kjørholt
NPK-NTB-Anna Nesje/Dag Kjørholt

Med ti sigrar og eitt tap sikra Veldiglad, som er spelarnamnet, seg topplasseringa i 1. divisjon i mobilspelet. Den argaste motstandaren var Gompedyret, som han fredag slo 542– 475.

– Vi kjenner kvarandre godt og spelte Scrabble-turnering i Oslo sist helg. Det er jo litt gøy å pine og plage Gompedyret, seier ordkløpparen på telefon til NTB frå Trondheim der han studerer drama ved NTNU.
Eskil Aasmul er mannen bak ligaopplegget. Han er rangert som nummer to på rankinglista til Norsk Scrabbleforbund, bak nettopp unge Toft.

Farsott
Wordfeud har spreidd seg som eld i turt gras og har si eiga side for resultat og reglar.

Blant dei tolv spelarane i øvste sjikt er det mange kloke hovud som har flytta bokstavar i mange år, dei fleste av dei i Norsk Scrabbleforbund.

Toft er berre 21 år, men likevel ein erfaren spelar. I 2010 vart han noregsmeister i brettspelet, no kan han også kalle seg meister i mobilspelet Wordfeud. Dei to spela er ganske like, men den elektroniske utgåva har eit brettoppsett som vanlegvis gir fleire poeng. Dei to har også forskjellige lister over ord som kan brukast.

Felles for begge er at ein risikerer å bli hekta, men truleg aller mest på Wordfeud. Det blir rapportert om skuleelevar som ikkje gjer lekser, mødrer som svir middagen og fedrar som gløymer å lese avisa. Mange tør ikkje eingong begynne fordi dei har høyrt at det er så lett å bli avhengig.

Det gjeld ikkje Toft.

– Eg hadde Scrabble som hobby lenge før Wordfeud kom. Eg begynte med det fordi kjærasten min sa at det sikkert var noko for meg. Eg begynte i fjor sommar, men ingenting slår Scrabble på brett, seier han.

Knurpe
Han har nokre gode råd å kome med til dei som sitter bøygd over mobiltelefonen for å pønske ut det neste geniale trekket.

– Tenk like mykje på kva motstandaren kan leggje, som kva du sjølv legg. Då unngår du at motstandaren får mange poeng. Og prøv å hugse ord, seier meisteren.

Det han synest er det fine med Wordfeud er at du kan prøve ut ord til det blir godkjent.

– Og det er utruleg kva som går. Sjølv om du ikkje har høyrt ordet før, betyr det ikkje at det ikkje eksisterer. Berre slå det opp. Som regel er det ei heilt kurant forklaring, seier Toft som likar å lese ordbøker, finne nye ord og sjå kva dei betyr.

Eit slikt ord er å knurpe.

– Ein utvidar repertoaret sitt. Eg har begynt å seie at folk ikkje skal knurpe så mykje. Det vil seie å tyggje med høyrleg lyd. Ikkje knurp! Det er eit fint ord.

Eit ord han har til gode å leggje, men svært gjerne skulle ha slått til med, er schwung.

– Det er eit godt ord som det er veldig lite sannsynleg å få.

Blir utfordra
Han synest Scrabble og Wordfeud utfyller kvarandre.

– Vi gamle travarar som har vore med i Scrabble-turneringar lenge, merkar at det kjem fleire nye til som har funne ut at dette er kjempemorosamt. Det er hyggeleg å kome seg ut og møte andre som har interesse for rare ord.

Sjølv meiner han at det ikkje nødvendigvis er norskkunnskapar som er den viktigaste føresetnaden for å spele med ord.

– Matematikk og taktiske dugleikar er mykje viktigare enn språkdugleik når det gjeld å score poeng.

Takka vere Wordfeud-statusen er det mange som vil knekke ord med Veldigglad.

– Eg har hatt så mange spel gåande at eg ikkje fekk lov til å invitere fleire. Grensa er noko over 30 spel. Det geniale med Wordfeud er at du sjølv kan velje når du vil spele. Mange brukar mykje tid på det, men eg synest det er meir givande enn å sjå på TV, seier Stian Veldigglad Toft. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE