21 år og forlagssjef

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I sjuande etasje i eit kontorbygg vis-à-vis Bryggen i Bergen, er Anette åleine på jobb. Klokka er fem, men ho har ikkje planar om å gå heim. På veggen heng svære bannarar med namnet på forlaget hennar. Ho har eit stort kontor, med møtebord, stor sofa, og ei rekkje kasser med bøker. Men vindauga er knøttsmå oppunder taket.

– Eg må opp på ein stol for å sjå ut. Ein får det ein betalar for, seier ho og ler.

For nokre år sidan fekk ho ikkje sove.

– Eg vart liggande vaken og berre tenkje. Eg var 16 eller 17 år då. Heile natta låg eg og tenkte på kva eg ville gjere – og eg fann ut at eg ville byrje eit forlag for unge, seier Sivertstøl.

Av og for unge
Dagen etter byrja ho å skrive forretningsplan og så brukte ho konfirmasjonspengane til å skipe aksjeselskap. No har ho vore forlagssjef i tre og eit halvt år. Panthera Publishing lev etter «unge forfattarar til unge lesarar».

– Gjennomsnittsalderen for å debutere som forfattar i Noreg, er 35 år. Kvifor er det slik? Eg vil hjelpe dei unge og flinke til å kunne gje ut sine bøker. Det er utruleg mange unge som òg er flinke, seier Sivertstøl.
Så langt har forlaget hennar gjeve ut fem bøker. I 2012 kjem minst to til, meir vil ho ikkje seie.

Debuterte som 16-åring
For å verte teken opp i stallen til Panthera, må ein vere maks 23 år gamal. Kjem ein inn før ein er 23, får ein vere der til ein er 25 år.

Astrid Niebuhr (17) ga ut si fyrste bok då ho var 16 år, hjå Panthera.

– Det var nesten litt for godt til å vere sant. Eg hadde aldri trudd eg skulle oppnå noko slik så tidleg. Niebuhr skriv serien «Fabula». To nye bøker kjem i serien i år.

Niebuhr fortel at Panthera har gjort draumen hennar verkeleg.

– Dei har snutt livet mitt på hovudet på ein positiv måte, seier Niebuhr.

Seint søndag kveld vart ho ferdig med siste del av bok to.

QUIZ: Kven skreiv boka?

– Det var ein lang kveld, men no kan eg sove roleg, seier Niebuhr.

Sivertstøl tykkjer det er viktig å syne unge tillit og satse på dei.

– I idrett og musikk får unge mykje merksemd og dei vert hylla for sitt talent i ung alder. Slik burde det vere innan litteraturen òg. Det verkar som om somme har fordommar mot unge, seier Sivertstøl.

Les manus
Ho tek sjølv imot manus som kjem inn. Først les ho dei – og så vert dei beste sende vidare til ei referansegruppe med personar i alderen 18 til 25 år.

Kva ser du etter?
– Om det er bra skreve, ei god historie og korleis det er bygd opp. Eg går mykje etter magekjensle og leitar etter x-faktoren, forklarar ho.

Og..
– Sjølv om eit manus ikkje kjem vidare, gir eg alltid tilbakemelding til forfattaren. Eg skriv kva eg meiner kan gjerast betre.

For at ting skal gå rundt, tek Anette no andre jobbar. Ho har mellom anna hatt ei fast spalte i lokalavisa Vikebladet og teke vaskejobbar.

– Pengane går rett tilbake til Panthera. Målet framover er å vekse og at eg kan leve av Panthera. Panthera betyr alt for meg, det er meg.

Anette sjølv likar veldig godt både å lese og å skrive.

– Men eg vil aldri gje ut noko sjølv. Eg skriv ikkje godt nok, seier ho.

LES SISTE LITTERATURNYTT HER!