Tøff i trynet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den franske gruppa Yelle består av tre personar: Julie Budet, Jean-François Perrier (GrandMarnier) og Tanguy Destable (Tapr). Det var eigentleg Julie som hadde funne artistnamnet Yelle, men etter at ho begynte å samarbeide med kompisen og produsenten GrandMarnier, vart dette namnet på gruppa. Julie er fødd i byen Saint-Brieuc i Vest-Frankrike og møtte GrandMarnier i 2000, då ho var i slutten av tenåra. Dei var begge glade i rapp og elektronisk musikk, og begynte så smått å jobbe saman.

I 2005 spelte dei inn songen Short Dick Cuizi, som var eit humoristisk spark til den kvinnefiendtlege haldninga hos mange franske rapparar – og rapparen Cuizinier frå gruppa TTC spesielt. Songen vart svært på populær på nettstaden myspace, og gjorde at plateselskapet Source fekk auga opp for bandet. Songen vart spelt inn på nytt seinare same år, no med namnet «Je veux te voir», og hamna på toppen av hitlistene i Frankrike.

80-talet
Bandet signerte med Source og begynte å spele inn debutalbumet Pop Up i 2006. På denne tida vart Tapr med i bandet. Han spelar keyboard og lagar musikken saman med GrandMarnier, medan Julie er frontfigur, songar og tekstforfattar. Dei laga album på dagtid og spelte konsertar på kveldstid. I september 2007 kom det humoristiske og 80-talsinspirerte Pop Up ut. Yelle covra blant anna songen À cause des garçons av det franske 80-talsbandet med same namn. Denne vart ein stor hit i Frankrike – og trass i at alle Yelle sine songar er på fransk, vart dei også svært populære utanfor det fransktalande området.

I oktober var dei oppvarming på Mika sin Frankrike-turné, medan dei året etter turnerte USA på eiga hand. Yelle – dvs. songarinna – var også gjesteartist på Fatal Bazooka sin hitsingel Parle à ma main i 2007. Popsongaren Katy Perry bad Yelle om å remikse songen hennar Hot N Cold, og artisten M.I.A. fortalde at ho var stor fan.

Fransk over heile verda
Etter tre år med turnering tok Yelle ein liten pause i 2009. Dei starta sitt eige plateselskap, Recreation Center, og kunne dermed ta seg betre tid med andrealbumet då dei igjen gjekk i studio. I møte med den amerikanske marknaden vart dei stadig spurde om å byte til engelsk, men Julie heldt fast på at ho ikkje ville skrive tekster på eit språk ho ikkje kjende verkeleg godt. Då Safari Disco Club kom ut i mars 2011, var tekstene framleis på fransk. Musikken heldt seg også innanfor same sjanger, men med meir melankolske tekster og fleire afrikanske rytmar. Yelle liker seg i denne vekslinga mellom det muntre og det triste.

Yelle er også kjend for dei fargerike sceneantrekka og musikkvideoane sine. Jean-Paul Lespagnard, ein belgisk desginar som er fan av bandet, har designa kleda dei brukte i samband med sleppet av det nye albumet. Safari Disco Club fekk god mottaking, og sende Yelle ut på ein større turné i Europa, Sør- og Nord-Amerika, med stopp i Japan, Hong Kong og Australia.

YELLE – Comme Un Enfant (official music video) from Yelle on Vimeo.

Denne saka stod først på trykk i Norsk Barneblad.