Prisar kulturgard

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygdeutviklingsprisen 2011 på 200.000 kroner har gått til Haaheim Gaard i Uggdal på Tysnes. Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk stod for utdelinga på messa Grüne Woche i Berlin.

– Haaheim Gaard er ein verdig vinnar og eit eksempel på vellykka næringsutvikling med basis i landbruket, sa Brekk.

Haaheim Gaard er ein kulturgard med hestar og høns. I tunet ligg eit gammalt sveitserhus med restaurant med alle rettar i kjellaren og ein interiørbutikk i fransk landstil i bestestova. Garden ligg i ein stor kulturhage. Der er det små vegar som går innmed bøkehekkar og rododendroallear, dei smyg seg forbi bed med mange hundre rosetre. Vegane fører til små lysthus og paviljongar, der ein kan finne seg ein vekkgøymt stad for å nyte eit glas vin og ei bok frå biblioteket. Utescena er open for teater og konsertar.

Tre nominerte
Det har i 2011 vore tre nominerte til den nasjonale Bygdeutviklingsprisen: Toten eggpakkeri frå Eina i Oppland, Aarholttunet gjestegård og leirskole i Stokke i Vestfold og Haaheim Gaard i Hordaland.

– Dei tre nominerte til den nasjonale Bygdeutviklingsprisen gir ein smakebit på bedriftsmangfaldet innanfor landbruksbasert næringsutvikling, og er kvar på sin måte tre spennande bedrifter. Sjølv om det berre kan kårast ein vinnar av den nasjonale bygdeutviklingsprisen, vil eg understreke at de alle er vinnarar i å utvikle ei bedrift de med rette kan vere stolte av, sa landbruks- og matministeren under prisutdelingsarrangementet i Berlin.

Kandidatar til den nasjonale BU-prisen vert vurdert etter lønsemd, sysselsetjing, sosial og miljømessig berekraft og nyskaping eller originalitet. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke av ein fylkesjury. Kvar prisvinnar får 50 000 kroner som vert delt ut av fylkeskontora til Innovasjon Noreg. Av fylkesvinnarane nominerer Innovasjon Noreg tre kandidatar. Totalt var det i fjor rundt 75 kandidatar til prisen. (©NPK)