Lag ditt eige digitale museum

Ny utgåve av Digitaltmuseum.no gjev brukarane høve til å setje saman si eiga museumssamling.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nye utgåva skal gi publikum høve til å engasjere seg i dei norske museumssamlingane på nye måtar. Brukarane får mulegheit til å opprette ein eigen profil, sette saman si eiga digitale museumssamling, og kommentere på gjenstandar og bilete.

Tenesta gir samtidig musea mulegheit til å samle inn verdifull kunnskap frå folket om korleis gjenstandane blei brukt, kvar dei kjem frå og liknande. Målet med Digitaltmuseum.no er at samlingane til musea skal vere lett tilgjengeleg for alle interesserte, uavhengig av tid og stad.

– Erfaring viser at publikum gjerne deler sin kunnskap med musea og med kvarandre. I den nye utgåva kan du også presentere deg sjølv og dine interesser for andre brukarar av Digitaltmuseum.no og vise dei kva du synest er mest interessant, seier direktør i Norsk kulturråd Anne Aasheim.

89 museum viser i dag om lag 900 000 gjenstandar på Digitaltmuseum.no. (©NPK)

LES OGSÅ: Du trur kanskje eg drøymer om mann og barn?

Les meir om historie her!