Kva skjer med fire grader meir?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om alle dei vage lovnadane frå klimatoppmøtet i Durban blir realisert, og det er ytterst tvilsamt, er det beste vi kan håpe på at den globale snittemperaturen berre aukar med 4 grader frå førindustrielt nivå, hevdar paneldeltakarane i ein debatt om firegraderssamfunnet arrangert av Norsk Klimanettverk 19. januar.

– Det er ikkje teknologien som hindrar handling, men samfunnet.
Knut H Alfsen, forskingsdirektør på klimaforsking på Cicero, meiner at vi klart er på veg mot eit firegraderssamfunn, ettersom folk er lite opptekne av å hindre dette, trass i at teknologien for å gjere tiltak for å redde klimaet er der.

Vi treng balanse i naturen slik som i menneskekroppen, elles går det gale. Pumpar vi meir karbon inn i krinslaupet enn det går ut naturleg, kjem overskotet til atmosfæra, hevdar han.

– Noverande generasjonar har ansvar for dei som kjem etter.
Arne Johan Vetlesen,professor i filosofipå UiO, hevdar at om temperaturen veks med over 3 grader i Amazonas kjem vil til eit «tipping point», altså eit punkt der vi kjem inn i eit nytt globalt klima og sannsynlegvis ikkje kan gå attende til det gamle uansett kva vi gjer.

– India trakk seg nett frå klimavedtaka dei hadde gjort og vil heller satse på økonomisk vekst. Lite publisert i media, men likevel ekstremt viktig for framtida for klimaet på kloden.

Det som er bra for naturen er dårleg for økonomisk vekst, og det som er bra for økonomien vil ikkje hindre forverring av klimaet. Det er mange ikkje-vestlege samfunn, både no og tidlegare, som lever etter ein tradisjonsrik kultur der det å leve i balanse med naturen står sterkt, meiner Vetlesen.

– Når alle søker å maksimere profitt for seg sjølv, går samfunnet under.

Dag O. Hessen, professor i biologi på UiO, seier at fire grader meir i gjennomsnitt kan tyde så mykje som åtte grader her i nord, sidan kloden er termodynamisk (sjå faktaboks).

Sjølv om alle ser på seg sjølve som for små til å utgjere den minste skilnad når det gjeld klimatiltak, er den kumulative effekten av at alle tenker slik at problema veks og blir verre.

Han meiner likevel at dei verkeleg alvorlege klimarelaterte problema som vil koste mange liv vil kome i andre deler av verda, kan hende særleg kring ekvator, ikkje i Noreg eller nabolanda våre.

Jordbruk sør for Sahara, for eksempel, vil bli tilnærma umogleg med dei metodane som blir nytta i dag med ei auke på fire grader, og om havnivået veks med over ein meter, som verkar sannsynleg, vil mange land få enorme problem.

Faktaboks

Termodynamikk:
•    Første lov: Energi kan verken oppstå eller forsvinne.
•    Andre lov: Varme overførast alltid frå ein stad med høg temperatur til ein stad med lågare temperatur, aldri omvendt.
•    Tredje lov: Når temperaturen nærmar seg det absolutte nullpunktet, stoppar alle termodynamiske prosessar.
Termodynamikkens andre lov kan òg uttrykkes på andre måtar. Ei vanlig formulering er at entropien til eit isolert system aldri kan minke. Det fører med seg at det stadig blir meir uorden, og at eit isolert system aldri vil "rydde" seg selv. For eksempel har det aldri vore observert at ei mengde av glassbitar kastast opp i lufta og puslar seg saman til ein tallerken idet skåra landar på bordet. Den motsette prosessen, at tallerkenen kan bli knust idet han landar, er derimot noko vi ser på som sjølvsagt.
Kjelde: Wikipedia.