Framtidstrua er stor
Finanskrisa har ikkje svekt trua på norsk bygdeturisme og gardsmat.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Stor tru på bygde-turisme
Ikkje mindre enn 70 prosent av dei spurte er svært eller ganske optimistiske til framtida, viser ei spørjegransking interesseorganisasjonen Hanen har gjennomført blant nærmare 500 av medlemsbedriftene sine.
Hanen er paraplyorganisasjon for hovudsakleg småbedrifter innan bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.
– Det kan verke overraskande for mange, men vi er ikkje så overraska over optimismen. Det er stor tru på framtida i bransjen, seier dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannessen, til NTB.
Bygdeperler
Onsdag presenterte han katalogen Norske bygdeperler 2012/2013, som på norsk, engelsk og tysk viser kva Bygde-Noreg har å by både heimlege og utanlandske turistar. Her vert det lokka med unike historier – som perler på ei snor … natur, kultur og menneske på nært hold.
Den aukande optimismen, trass finanskrise, meiner Hanen-sjefen kjem av det faktum at Noreg berre i liten grad har vore råka og at småskalabedriftene gjerne vender seg til den nasjonale og lokale marknaden.
Inntil vidare – for nokre er håpet etter kvart å nå lenger, ut over landegrensene. Spesielt med lokale merkevarer som ost og spekemat.
– Kanskje er optimismen litt større enn verkelegheita skulle tilseie, men optimisme er jo positivt i seg sjølv. Vi i Hanen vil iallfall bidra til auka lønsemda i bransjen. Katalogen er eitt av bidraga, seier Bucher Johannessen.
Flest attåt
Mange i norsk næringsliv hadde ein vanskeleg sommar, også enkelte av medlemmen til Hanen.
– Men totalt sett må vi seie at undersøkinga viser at det har gått ganske bra for dei fleste, seier Bucher Johannessen.
Spørjeundersøkinga viser at over halvparten – 52 prosent – har under 500.000 kroner i omsetning. Det betyr at svært mange har småskala turisme og gardsmat «attåt» anna inntekt.
20 prosent hadde mellom ein halv og ein million kroner i årsomsetning i 2010, 14 prosent 1-2,5 millionar og 13 prosent over 2,5 millionar kroner.
Dei aller fleste Hanen-medlemmer ligg i sjiktet to til ti tilsette, dei største er hotell med opptil 100 senger. (©NPK)