Grei ut og gjett

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Grei ut og gjett

Det er ein grunn til at eg begynte denne teksten akkurat slik, naturligvis.

Det er kanskje ikkje alle som veit dette, men kvar veke sender det sentrale kommentatorsekretariatet ut ein beskjed om kva alle kommentatorar i Norge skal snakke om og skrive om denne veka, og korleis det skal gjerast. For nokre dagar sidan kom følgjande beskjed frå kommentatorsekretariatet:

«Hei, alle kommentatorar. Her er vekas oppgåver:

Skriv ein kommentar som begynner med ei formulering av typen «Aller først vil eg understreke at vi naturligvis ikkje veit kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry…», og som så nesten utelukkande handlar om kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry.
Skriv ein kommentar som begynner med ei formulering av typen «No skal vi ikkje bruke altfor mykje plass på å diskutere kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry…», og som så bruker altfor mykje plass på å diskutere kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry.
Skriv ein kommentar som begynner med ei formulering av typen «Det minst interessante med denne saka er kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry…», og som så utelukkande handlar om kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry.

Grei ut og drøft.
Lykke til!»

Eg gjekk altså for oppgåve a. Her er mitt svar:

«Aller først vil eg understreke at vi naturligvis ikkje veit kva Trond Giske sa eller ikkje sa rundt eit restaurantbord på Lorry.

Og det irriterer meg noko innforjævlig.

Her har vi hengt på Lorry i årevis. Årevis. Og så, når det endelig skjer noko der, så får vi det ikkje med oss?!

Folk seier mykje på Lorry på kveldstid, og opp gjennom åra har vi høyrt litt av kvart. For eksempel:
«Harnodritspennpgang.»
«Æææææh!»
«Duah?!»

Men dette er lite å baserer kommentarar på. Sjølv om vi har prøvd, meir enn ein gong.

Og så går det altså rykte om at ein norsk politikar skal ha gitt uttrykk for ei meining, og meir eller mindre trua med å avsette ein mektig person, på Lorry.

Her har Trond Giske gått over ei grense. Det er ikkje hans oppgåve å drive på slik.

Det er vi andre som skal sitte på Lorry og meine ting og avsette mektige personar rundt midnatt. Og det har vi gjort, i årevis. Eg og kollegaene mine. Det er ikkje måte på kor mange vi har sparka opp gjennom åra.

No vil eg understreke at eg naturligvis ikkje veit kva Trond Giske sa eller ikkje sa denne kvelden på Lorry, og det irriterer meg noko innforjævlig, men viss han har sagt noko av interesse, kva blir konsekvensen av det?

Skal vi som skriv i aviser, når vi sitt på Lorry og meiner ting og avsett mektige folk, måtte begynne å høyre etter på kva andre seier?

Det seier seg sjølv at det ikkje går. Og kva må vi gjere då, når det plutselig begynner å gå rykte om at det faktisk har skjedd noko på Lorry?

Jau, det har vi sett denne veka.

Mine kollegaer, flinke norske journalistar, vaksne folk med utdanning, måtte bruke arbeidstida si til å ringe rundt til folk for å spørje kva som skjedde på Lorry dagen før. Slikt er audmjukande. Veldig audmjukande. Og du får sikkert mange svar som:
«Harnodritspennpgang.»
«Æææææh!»
«Duah?!»

Og det er ikkje mykje å basere ein avisartikkel på. Men vi har prøvd. Meir enn ein gong. Lange artiklar.

Og det er mykje folk på Lorry. Dette er ein stor restaurant. Det er mange å ringe. Skal ein få tak i alle, må ein sette mange i arbeid. Dagbladet brukte denne veka fem personar til å lage ein sak om at vi ikkje veit kva som blei sagt på Lorry. Fem. Det er ikkje nokon som har lyst til å halde på sånn. Dette er folk som har betre ting å gjere. Dette er folk som har liv.

Og TV-journalistar har vore på Lorry, på dagtid. Der har dei sett i kamera, peika på bord og sagt at her satt det nokon, og vi veit ikkje kva dei snakka om.

Forstår du, Trond Giske, kor audmjukande slikt er? Folk vitsar om slikt i sosiale medium, Giske. Det er ikkje noko hyggelig.

Det er derfor Giske må skjerpe seg. Uansett kva han har sagt eller ikkje sagt. Og vi veit altså ikkje kva han har sagt eller ikkje sagt. Og det irriterer oss altså noko innforjævlig.»

Denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 14. januar.