– God ide med lokale teoriprøvar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Fredag ettermiddag var ungdomsrådrepresentantane Eirik Aas Levang, Henrik Vik Helle og Anne Bolstad Skålid og rådssekretær Hilde Martini Momrak i Oslo for å drøfte saka om teoriprøver på lensmannskontor med samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp). Statsråden var frå seg av begeistring over initiativet til ungdomsrådet.

– Dei har kome med eit kreativt og konstruktivt forslag, og skal ha ros for å ha vore ryddige og tydelege i framstillinga av saka i dag, seier statsråden til VTB.

Ho påpeikar at departementet er oppteken av å effektivisere tenestene dei tilbyr. I dag er effektivisering og sentralisering ofte to sider av same sak. 

– Ungdomsrådet er eit glitrande døme på effektivisering motsett veg. Forslaget gjer at foreldre og ungdom slepp masse tid på køyring for å ta teoriprøva. Men det er eitt spørsmål som må avklarast nærare; ei sikker dataløysing.

Det er nøkkelen for å få til forslaget frå ungdomsrådet. Eg har hatt ein fyrste sjekk med Vegdirektoratet, og skal kome nærare tilbake til saka. Er det nokon som skal få prøve ut det å ta teoriprøve på heimebane, er det Fyresdal, avsluttar Meltveit Kleppa.

Alle dei tri frå ungdomsrådet deltok i framstillinga av saka overfor statsråden.

– Dette gjekk bra. Statsråden reagerte veldig positivt og ville ta saka vidare. Det svaret var eg eigentleg ikkje overraska over, i forhold til alle dei det gjeld i distrikts-Noreg. Eg håper saka let seg ordne i dei datatidene me er i no.

Ein bør kunne ta teoriprøver på offentlege kontor i heimkommunen, seier ungdomsrådsleiar Eirik Aas Levang.

– Fristar møtet i dag til meir nasjonal politikk?

– Vel, eg har litt mykje å gjere …, svarar Aas Levang.

25–30 mil 
Innbyggjarane i Fyresdal er blant mange vesttelar som må reise til dømes til Notodden, Skien eller Arendal for å avlegge teoriprøve til førarkortet for moped, traktor eller bil. På trafikkstasjonane blir teoriprøva tatt ved å bruke internett, og då med nokon i nærleiken som ser at alt går rett føre seg.

Ungdomsrådet i Fyresdal reagerte sist haust på den tungvinte ordninga.

– I desse datatider undrar me på om det er naudsynt å ha ei dagsreise på 25-30 mil tur retur for å avlegge ei prøve, spurde ungdomsrådsleiar Eirik Aas Levang i eit skriv til trafikkstasjonane.

Ulemper 
Personar som ynskjer sertifikat på til dømes både moped og bil må avlegge kvar si prøve. Kanskje greier ein ikkje prøva fyrste gongen, og må tilbake ein annan dag for nytt forsøk. 

– Me snakkar om fleire turar per ungdom, og ikkje minst mange turar for ein familie med til dømes tri ungdomar. Dette fører med seg store ulemper for unge og vaksne frå Fyresdal og elles i regionen, påpeika Aas Levang.

I samband med prøva må dei unge ta fri ein heil dag frå skule eller arbeid, og fleire ungdomar lid økonomiske tap. Vidare gjeld det også ein vaksen som må sløyfe jobben for å vere sjåfør til trafikkstasjonen. 

Ei anna ulempe er at ein kan risikere så stor kø for å ta prøva, at ein må kome tilbake ved eit seinare høve. Vidare har nokon opplevd tilfelle der trafikkstasjonen har vore stengt når prøvetakaren har kome fram.

– Burde det ikkje la seg gjere, i desse datatider, å få overført mynde til til dømes lensmannskontora, slik at ein kan avlegge teoriprøva der? Det ville vere samfunnsøkonomisk klokt, gje miljøfordelar og ikkje minst spare tid og pengar for unge og vaksne i distrikts-Noreg, avslutta ungdomsrådsleiaren skrivet.

Imponert 
Etter utspelet frå ungdomsrådet har lokalpolitikaren Bjørn Nome (Sp) jobba for at ungdomane kunne få eit møte med samferdselsdepartementet om saka. 

– Ungdomsrådet har ei veldig god sak. Ho er enkel, men har likevel mykje å seie for bygdeungdom utover Fyresdal eller Vest-Telemark. Det er samferdselsdepartementet som sit med ansvaret og moglegheita til å organisere slikungdomsrådet ynskjer. Det gjekk ikkje å få til eit møte før jol med statsråden, men det gjekk i orden no, seier Nome til VTB.

– Eg er imponert over arbeidet til ungdomsrådet, og det er ekstra motiverande for dei å kunne påverke nasjonal politikk også, held han fram. 

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!