Vil få fleire til å fullføre yrkesfag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er behov for å slå alarm morgon, middag og kveld. Viss vi ikkje greier å få ei langt betre gjennomføring av yrkesfaga kan vi mangle 65.000 fagarbeidarar innan 2013, seier Kristin Halvorsen.

Kunnskapsministeren deltok på NHO-konferansen Yrkesfag 2012 den 12. januar og varslar ei rekkje tiltak for å heve statusen på yrkesfaga. Målet er å få fleire ungdommar til å velje yrkesfag på vidaregåande og få fleire til å fullføre utdanninga.

I dag byrjar om lag halvparten av ungdomskullet på ei yrkesfagleg utdanning, men berre 15 prosent av ungdomskullet fullfører fagbrev. Søkinga til yrkesfag har gått ned dei siste åra. Dei siste seks åra har 14 prosent færre jenter og ni prosent færre gutar søkt seg til yrkesfag.

Regjeringa har foreslått ei målsetjing om at 20 prosent fleire skal ha godkjent lærekontrakt i 2015, samanlikna med i dag. (©NPK)

Kva meiner du skal til for at fleire skal søkja seg til yrkesfag?