Fagre fjordar er ikkje nok for reiselivet i framtida. Turistar vil ha opplevingar å fortelja om.

NPK-Margunn Sundfjord
NPK-Margunn Sundfjord
Faktaboks

Tendensar i reiselivet

– Auka søkjelys på helse
– Stor vekt på aktivitetsferie i heile Europa
– Opplevingar blir viktigare enn av reisemålet
– Fleire, korte feriar
– Høg betalingsvilje, men vil ha valuta for pengane
– Ny informasjonsteknologi – alltid på nett
– Søkjelys på miljø
– Internasjonal konkurranse

LES FAKTALUKK FAKTA

– Både reiselivsnæringa på Vestlandet og i Nord-Noreg utviklar seg positivt. Dei er dyktige til å utvikla produkt og byrjar å få eit godt grep på marknadsføring, seier Tuftin til Nynorsk pressekontor.

Tøft år
Reiselivsdirektøren i Innovasjon Noreg åtvarar likevel reiselivsnæringa mot å slakka på krava.

– Næringa må ikkje lena seg tilbake og tru at turistane kjem berre fordi ein har vakre fjordar og det blir skrive mykje positivt om området. Dei må sikra produktet, og dei må marknadsføra, seier Tuftin.

Han spår at 2012 blir eit tøft og utfordrande år for norsk reiseliv.

– Ei sterk norsk krone og eit Europa i krise er ikkje eit godt utgangspunkt for det komande året, seier han.

Natur åleine er ikkje lenger nok til å lokka utanlandske turistar til Noreg.

– Dei vil også ha opplevingar, noko dei kan fortelja om når dei kjem heim.

LES OGSÅ: Endre (25) styrer eksotisk øy i Ryfylke

Aktivitetspakkar
– Kva aktivitetar bør reiselivsnæringa på Vestlandet leggja vekt på for å trekkja turistar?

– Næringa bør leggja vekt på aktivitetsopplevingar. Det kan vera alt frå sykkel, vandring og fiske. I tillegg trur eg vi bør leggja endå meir vekt på kultur og kulturopplevingar og tilretteleggja kulturtilbod også for turistar. Mat er også viktig, seier Tuftin.

Han meiner det blir viktigare å viktigare å tilby ei heilskapsoppleving og har stor tru ferdige pakketilbod.

– Vi må ikkje berre tru at folk finn fram til alt dei ønskjer å sjå. Vi må foreslå for dei og koma med forslag til kva dei kan gjera dag for dag.

LES OGSÅ: No kjem vindtunnelen

Meir slagkraftig saman
Reiselivsdirektøren etterlyser også meir samarbeid mellom reiselivsbedriftene, ikkje minst mellom dei minste bedriftene.

– Vi har mange små reiselivsbedrifter i Noreg, men når det gjeld å skapa noko større og få det til å veksa, trur eg vi kan bli mykje betre, seier Tuftin. Han meiner nøkkelen til dette er at fleire bedrifter samarbeider.

– Mitt inntrykk er at ein god del reiselivsbedrifter på Vestlandet har funne saman og sett nytten av å samarbeida. Men vi treng endå meir av det. Å få bedriftene til å samarbeida er heilt vesentleg for å lykkast. Mange har byrja å skjøna at dei må gjera dette for å overleva, seier han.

For å stimulera folk til å samarbeida, kan folk søkja Innovasjon Noreg om støtte til å skapa eit bedriftsnettverk. Kravet er at det må vera tre bedrifter eller fleire som går saman om å senda inn ein søknad om støtte til eit treårsprosjekt.

– Gjennom eit slikt bedriftsnettverk er det gode moglegheiter til å tilpassa seg det utanlandske turoperatørar ønskjer seg, seier Per-Arne Tuftin.(©NPK)

Sjå video frå strikkhopping i Åkrafjorden:

Kva er det beste eller mest eksotiske på Vestlandet du kan tilrå ein turist?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

Kommentarar

ANNONSE