– Ikkje klimagevinst med lyntog

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje klima- vinst med lyntog

Grunnen er blant anna CO2-utslepp i samband med bygging av tunnelar.

På 57 prosent av dei aktuelle strekningane vil klimaeffekten vere negativ, heiter det i rapporten som NRK har fått tilgang til. Rapporten blir lagt fram om to veker.

Produksjon av sement og stål, og borttransportering av fjellmassar som er sprengt ut, vil føre til enorme CO2-utslepp, ifølgje rapporten.

LES OGSÅ: Her går høgfartstoget raskast

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) minner om at alle sider ved høgfartstog skal bli grundig gjennomgått.

– Det er derfor vi har bestilt ei omfattande utgreiing laga av våre fremste fagmiljø, seier ho i ein kommentar til delrapporten. (©NPK)

 

Er lyntog i Noreg eit drøymeslott, eller det på tide at det blir bygt ut?