Rekordauke for ungdomspartia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

AUF fekk 4200 nye medlemmar i 2011 – og har no 13800 medlemmar – det høgaste medlemstalet på svært mange år. AUF er dermed det desidert største ungdomspartiet. I 2003 hadde organisasjonen omkring 6500 medlemmar, og har dermed meir enn dobla seg på 8 år.

– Dette viser at norsk ungdom har tatt ansvaret og sørgja for meir demokrati i praksis, seier AUF-leiar Eskil Pedersen. Han seier han no vil bruka medlemstalet til å få meir politisk gjennomslag i Arbeidarpartiet.

Unge Høgre og Unge Høgre aukar mest
Unge Venstre og Unge Høgre er dei partia som har hatt den største auken i prosent, med høvesvis 60 og 58 prosent.

– Det er heilt fantastiske tal, seier Unge Høgre-leiar, Henrik Asheim. Han meiner framgangen til Høgre på meiningsmålinga er med på å forklara medlemsvekst.

– Eg trur også at etter 22. juli har det blitt meir medvit blant unge om det er viktig å engasjera seg.

På to år har Unge Venstre meir enn dobla talet på medlemmar.

– Dette viser at det går ein ung, liberal bølgje over landet, seier generalsekretær i Unge Venstre, Anders Bergsaker.

LES OGSÅ: Slik vil ungdomspartia kutta utsleppa

Fokus på verving
Senterungdommen går også sterkt fram, med 42 prosent vekst.

Fungerande generalsekretær Maren Hanem Kavli fortel at partiet ikkje har merka så mykje til 22. juli-effekten.

– For vår del har me hatt fokus på verving i to år no, og ser effekten av dette.

Av dei andre partia er det Raud Ungdom som har auka medlemstalet prosentvis mest, med 25 prosent i løpet av 2011, og har no 751 medlemmar. Framstegspartiets Ungdom auka med 624 medlemmar, og er enno landets nest største ungdomsparti, men no med Unge Høgre hakk i hæl.

LES OGSÅ: Dette er høgast på ønskelista for 2012

Faktaboks

Medlemmar 31.12.11 (vekst frå året før)

AUF: 13800 (+4200)
FpU: 4761 (+624)
Unge Høgre: 4428 (+1652)
KrFU: 3375 (+144)
Sosialistisk ungdom: 2025 (+172)
Senterungdommen: 1664 (+500)
Unge Venstre: 1608 (+590)
Raud Ungdom: 751 (+150)