Held døra på gløtt for Frp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det avgjerande må vere at vi får gjennomslag for politikken vår. Kva samarbeidskonstellasjon det skjer innanfor, må vi sjå på, men eg avviser ikkje mulegheita for samarbeid med Frp, seier fylkesleiar Rebekka Borsch i Buskerud Venstre til Nationen.

Ifølgje avisa seier berre éin av 14 spurte fylkesleiarar nei til eit samarbeid med Framstegspartiet. Dei aller fleste støttar dermed uttalane frå partikollega, stortingsrepresentant Borghild Tenden i førre veke om å opne for å gå inn i eit eventuelt regjeringssamarbeid med partiet til Siv Jensen.

– Blir det borgarleg fleirtal, så har partia på borgarleg side eit ansvar for å rigge eit styringsdyktig fleirtal etter 2013, seier fylkesleiar André N. Skjelstad i Nord-Trøndelag.

Fleire av fylkesleiarane seier temaet kjem til å bli diskutert på dei kommande fylkesårsmøta i partiet. Av dei 14 av totalt 18 fylkesleiarar Nationen har snakka med, er det berre fire som meiner eit samarbeid med Frp er lite truleg.

Unge Venstre vedtok på landsmøtet i fjor haust at Venstre skal kunne sitje i regjering med Frp. (©NPK)