Underviser elevar ulovleg lite

76 kommunar gjev elevane færre undervisingstimar enn dei har krav på.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram av ei oversikt Kommunal-rapport.no har utarbeida. Elevar på barnetrinnet har krav på 5185 timar undervising, pluss 76 timar gym. Men 76 kommunar har rapportert inn til Grunnskolens Informasjonssystem at dei gjev mindre undervising enn dette.

Ål og Salangen gjev over 100 timar mindre undervising enn det staten krev.

Mellom kommunane som gjev for lite timar er Kvitsøy, Forsand, Stordal, Ulstein, Randaberg, Bokn, Gjemnes, Sunndal, Sigdal, Sauda, Askvoll, Årdal, Bremanger, Etne, Leikanger, Vinje, Lom, Balestrand og Gaular.

Utdanningsdirektoratet reagerer på at fleire tusen elevar får færre timar enn dei har krav på.

– Minstetimetalet er forskriftsfesta av staten. Dette timetalet er noko kommunane er forplikta til å gi. Er det slik at elevar i så mange kommunar ikkje får det timetalet dei har krav på, er det noko me ser alvorleg på, seier Annemarie Bechmann Hansen, direktør ved divisjon for regelverk og finansiering i Utdanningsdirektoratet til Kommunal-rapport.no.

LES OGSÅ: Her er det flest kvinnelege lærarar

Oslo gjev mest undervising
44 kommunar gjev over 100 timar meir enn kravet. Oslo er den kommunen i landet som tilbyr flest timar på barnetrinnet. Oslo-elevane får 369 fleire timar enn det dei har krav på.

– Kvar fjerde krone i budsjettet vårt går til skule. Me er veldig opptatt av å satsa på basisfaga norsk og matematikk. Det er veldig mykje bra med norsk skole, men mange har for dårlege kunnskapar i desse to faga, seier byråd for kunnskap og utdanning Torger Ødegaard (H) til Kommunal-rapport.no.

For ungdomstrinnet er det Målselv, Vestre Slidre, Karasjok og Kautokeino som gjev flest timar undervising. Mandal, Nome, Frogn og Lillehammer gjev minst undervising.

Sjå oversikt over timetalet i alle kommunar her!
(Tal frå Grunnskolens Informasjonssystem)