Sjøkaptein frå fjellheimen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sola skin over Austbø og dei mektige, kvitkledde fjella gjer at Rauland ser ut som eit eventyrland denne dagen. I det me svingar inn på tunet der familien Nystog/Romtveit bur, slår det oss at dette kanskje ikkje er ein typisk sjømannsheim. Men ein sjømannsheim er nettopp kva huset i Austbøs bakkar er.

Her er Tobben Romtveit, eller Torbjørn som ingen kallar han, oppvaksen. 22-åringen møter oss i døra, for høvet kledd i styrmannsskjorte og olabukse, og viser veg opp trappa.

– Me set oss oppå, der er det liksom mest maritimt miljø, flirer han.

Og Tobben er over gjennomsnittet oppteken av det maritime, særleg til å vera ein vesttele frå høgfjellet. Men med ein cruiseskipkaptein til far, kunne det kanskje ikkje bli annleis. Tobben visste tidleg kva retning han ville ta i yrkeslivet.

– Eg har visst sidan ungdomsskulen at det var dette eg ville, og eg veit godt kva eg går til, sidan pappa er kaptein. Men kvifor eg valde det … Eventyrlyst, trur eg. Det er cheesy, men sant. Også er det mykje fri – ein har halve året fri. Og uniformen er ikkje så verst den heller, gliser den unge kapteinspira.

LES MEIR OM YRKESVAL OG ANDRE YRKE HER!

Lettvinn fagprøve
Han gjekk sjøfartslina i Tønsberg før han skulle ut i lære.

– Då kom representantar frå mange ulike rederi til skulen, og eg hadde vore såpass flink på skulen at eg kunne velje litt. Difor enda eg opp i Wilhelmsen, der ein av representantane dessutan kjende pappa, så eg fekk reise utanlands. Då var eg matros i to år på ein seismikkbåt, som mellom anna segla i Nordsjøen, Middelhavet og langs vestkysten av Afrika. Etter dei to åra tok eg fagprøva, som for så vidt berre var ein vits – det var berre å sitje å snakke og knyte nokre knutar, og det var vel ikkje akkurat det eg hadde drive med i dei to åra. Men det gjekk knakande godt det, seier Tobben, som blei kalla inn til Sjøforsvaret då han søkte på skular etter læretida.

– Der fekk eg ta kystskippersertifikatet, så då eg starta på fagskulen i Kristiansand, der eg framleis gjeng, var eg veldig godt førebudd. Det verste er eigentleg matte og fysikk, for eg fylgde vel ikkje så veldig godt med på det på ungdomsskulen. Så eg måtte nesten starte på «scratch» i dei faga, innrømmer Tobben, som berre har eit halvt år att av dei to åra på styrmannskulen Kristiansand Maritime College.

– Du har sikkert planane klare for kva du gjer når du er ferdig?

– Ja, eg vil nok på cruiseskip. Problemet er at det så utruleg dårleg betalt. Men det er mykje artigare enn å vera i Nordsjøen og fryse, sjølv om ein der tener ordentleg godt. Ein må gjera eit val; om ein vil kose seg og tene dårleg, eller tene bra og ha det ein god del dårlegare. Eg vil heller ha det bra. Dei jobbar dessutan med å auke løna på cruise, og når ein blir kaptein blir det veldig godt betalt.

– Ein strik i kartet
Men å bli kaptein er ikkje gjort i ein fei, sjølv om ein fullfører fagskulen med glans.

– Etter utdanninga må ein fyrst må vera til sjøs i fire månader som kadett, for å få utstedt sertifikat frå sjøfartsdirektoratet. Då blir du 2.- eller 3.-styrmann, avhengig av kvar du hamnar. Etter eit halvt år til eitt år, kan ein bli fyrstestyrmann, og deretter overstyrmann. Når ein blir kaptein, er litt avhengig av kor flink du er og kvar du jobbar. I Color Line og andre slike selskap tek det lang tid. Der trivst folk så godt at nokon må døy før du kan bli kaptein, smiler Tobben.

– Men draumejobben din er ikkje i Color Line?

– Nei, absolutt ikkje. Folk trivst nok der fordi dei får kjering og ungar heime, det er det største problemet …

– Er det ein sjømanns største problem, kjering og ungar?

– Nei, men då må føler vel mange at dei må heim kvar fjortande dag. På cruise er ein ute i ti veker i slengen. Eg trur eg hadde synst det var kjedeleg å segle Sandefjord-Strømstad kvar dag. Det er liksom berre ein strik i kartet, slår han fast.

Eige postnummer
Når Tobben ein dag endar opp som kaptein, er det eit stort ansvar som kviler på skuldrene hans.

– Me lærer om alt frå korleis me skal laste skipet så det ikkje knekk, til navigasjon med moderne elektronisk utstyr, men også på gamlemåten der ein brukar stjernene. Dessutan har me mykje om leiing og økonomi. Som kaptein er ein øvste leiar på skipet. Nokre båtar er så store at dei har eigne postnummer og mannskap på eit par tusen. Då kan det ikkje vera usemje om leiinga, forklarar Tobben, som seier at tilværet som kaptein på cruiseskip kan vera litt slik som ein ser på fjernsyn.

– Ein må sitje og eta fine middagar med gjestene, stå og posere i uniform, og halde tale for dei dumme amerikanarane om bord, smiler han.

– Med slik uniform må du vel passe deg så du ikkje plutseleg sit med kjering og ungar?

– Ja, eg må kanskje det. Men eg seier til meg sjølv at det ikkje treng å bli eit problem, det har no gått fint her i heimen. Også kan ein alltids ta med familien på jolefeiring på cruise, slår Tobben fast, med sitt sedvanlege glimt i auga.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!