Klare krav til nytt barneombod

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit slags superelevråd med ti medlemmer frå heile landet skal vere med på både rekruttering og jobbintervju når Reidar Hjermanns etterfølgjer skal tilsetjast i vår. I helga som var, var dei samla for første gong, saman med barneminister Audun Lysbakken (SV).
Otilie Næss frå Vadsø gler seg til å ta fatt på arbeidet, etter ei innføring i FNs barnekonvensjon og ein peptalk frå statsråden. For henne er distriktspolitikk, fleirkulturelt arbeid og skule dei viktigaste sakene.

– Det er viktig at unge i små kommunar får dei same moglegheitene som dei i byane, seier ho til NTB. Tolvåringen er elevrådsleiar på skulen sin i Vadsø.

– Skulen vår er veldig nedsliten og gammal, og det same gjeld mange skuler i Noreg. Dessutan er det mange som har lærarar utan riktig utdanning, noko vi faktisk har krav på, seier ho.

– Må marknadsføre seg
På den første samlinga hadde medlemmene allereie mange ønskjer og krav til det nye ombodet. Verken låg eller høg alder er noko hindring, meiner dei. Det viktigaste er at han eller ho er god til å setje seg inn livet til barn og unge, kan lytte og snakke med dei, ikkje berre til dei.

– Barneombodet bør bli flinkare til å marknadsføre seg sjølv. Mange på skulen eg har nemnt dette for, visste ikkje noko særleg om kva barneombodet gjer, seier Marianne Kufaas Sæterhaug (17) frå Trondheim.

– Rett og slett få unge til å forstå at barneombodet er der for dei. For eksempel dra rundt til skuler og prate med barn og unge, seier Martin Bjerke Fredriksen (16) frå Ringerike.

Sindre Farestad (14) frå Mandal meiner det nye ombodet må presse på for betre fritidstilbod og sørgje for at unge har bra nok busstilbod til og frå ulike aktivitetar.

– Og så må han få masse å gjere, jobbe overtid og alt sånt, seier han til NTB.

Viktig med kjemi
Lysbakken var imponert over engasjementet til panelmedlemmene under møtet. Han påpeiker at det er på tide at dei fremste ekspertane får seie sitt når det skal tilsetjast nytt barneombod.

– Sjølv om eg tar den endelege avgjerda, vil dei få mykje å seie. Når dei er med på intervjuet, ser vi også kven av kandidatane som kan kommunisere med barn og skape tillit. Og dersom kandidatane lèt seg skremme av det, så er dei ikkje den rette for jobben, seier han til NTB.

Fleire barn med på råd
Marianne Kufaas Sæterhaug roser tiltaket med å involvere barn og unge direkte i tilsetjinga. Ho ser gjerne også denne metoden brukt på andre område. Det er barneminister Lysbakken heilt einig i.

– FNs barnekonvensjon seier at barn skal høyrast i spørsmål som vedkjem dei, så eg vil jobbe for liknande panel på fleire område i politikken til regjeringa. For eksempel når det gjeld barnevernet og skulen, seier Audun Lysbakken. (©NPK)

Les siste nytt om Barneombodet her!

Faktaboks

Barneombodet blei oppretta i 1981. Ombodet si oppgåve er å passa på born sine interesser overfor det offentlege og det private, og følgja med på oppvekstvilkåra til born.

Tidlegare barneombod:
 Målfrid Grude Flekkøy (1981–1989)
 Trond-Viggo Torgersen (1989–1995)
 Trond Waage (1996–2004)
 Reidar Hjermann (2004–)

Gå til Barneombodet sine heimesider!