Vil ha kamp om verva som i USA
– Nominasjonsprosessane er altfor lukka i Noreg, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge Venstre-leiaren tek til orde for å opna opp nominasjonsprosessen slik det blir gjort i USA.
– I USA blir veljarane kjent med kandidatane og alle i partiet kan vera med å bestemma kven som skal vera kandidaten deira. I Noreg er nominasjonsprosessane mykje meir lukka. Eit vanlig partimedlem har lite å seia, det er den erfarne eliten i partiet som bestemmer, seier Rotevatn til tv2.no.
Hilmar Mjelde, stipendiat i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, meiner ein opna nominasjonsprosess kan gjera politikken i Noreg livlegare.
– Sidan makta ligg hos kvarmannsen, måtte kandidatane ha gjort ein mykje større innsats og vore meir frampå for å få merksemd og sikra seg nominasjon, seier Mjelde til tv2.no.
Han åtvarar likevel mot at det kan bli vanskelegare å vita kva partiet står for, når personfokuset blir større, slik det er i USA.
LES OGSÅ: Vegen til Det kvite hus
Det er i dag ingen norske parti som går inn for å endra nominasjonsprosessen. Men i SV har det vore debatt om korleis ein skal velja den nye leiaren. Bård Vegar Solhjell har teke til orde for å la medlemane velja leiaren direkte.
Kva synst du om forslaget? Bør det bli lettare å få bestemma kven som skal få stilla til val?