Stengjer for dans i grendene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stengjer dans i grendene

 

I romjoli fekk nokre av idrettslaga i Tokke brev frå kommunen. I brevet fekk laga klar beskjed om at dei ikkje får leige kommunale bygg til Zumba-aktivitetar om ikkje instruktørane er lisensierte.

«Det har vore ei sak her på Dalen i høve Zumba og kven som kan ha instruksjon, utleige/lån av kommunale lokale til denne aktiviteten, bruk av storskjerm m.m.», lyder innleiinga av brevet underteikna av kulturkonsulent Borghild Stahl i Tokke kommune. Brevet er datert 7. desember og det fylgjer også med eit vedlegg frå Zumba Noreg datert 2. desember.

«Ut frå svaret me fekk frå Zumba Noreg må me informere om at det bare er lisensierte instruktørar som får drive som instruktørar i Zumba og at kommunale bygg ikkje kan lånast/leigast ut til ikkje-lisensierte instruktørar», står det til slutt i brevet frå kommunen.

Kommunens utspel 
Ut frå kommunikasjonen å dømme, tyder det på at det er Tokke kommune som har teke initiativ overfor Zumba Noreg for å avklare kva reglar som gjeld i høve til denne type danseaktivitet, som Zumba er.

– I utgangspunktet var det Dansehuset på Dalen som hadde tilbod om Zumba. Dei stilte med lisensiert instruktør, noko som Zumba Noreg krev viss materiellet deira skal nyttast offentleg, og me såg derfor at det ville vere ugunstig om andre dreiv med dette utan lov, seier Stahl.

No er det ikkje Dansehuset på Dalen som lenger skal stå for Zumba-instruksjonen, men snarare ein privatperson som også er lisensiert instruktør. Vedkomande held også Zumba-kveldar i andre kommunar.

Lovlydige 
– Me må halde vegen vår rein, og derfor fann me ut at det rette ville vere å kontakte Zumba Noreg for å få greie på korleis me skal gå fram. Slik eg ser det er reglane klare, og me ynskjer å leggje til rette for at nokon kan ha dette som ei binæring. Derfor må me stoppe ulovlege aktivitetar, slår Stahl fast.

– Er det ikkje spesielt at kommunen tek eit slikt initiativ som betyr at innbyggjarane i dei små grendene no må finne seg annan aktivitet?

– For oss er det viktig at alt blir gjort slik lovar og reglar tilseier, svarar Stahl.

At kommunen tek initiativet til å avgrense aktivitet er uvanleg. I slike saker har det vore mest vanleg at det er lisenshavar, altså Zumba Noreg i dette tilfellet, kontaktar kommunen for å påpeike regelverket.

VTB er kjent med at det er fleire lag som brukar Zumba som ein del av trimtiltaka. Truleg vil ikkje deltakarane ute i grendene reise til Dalen for å vere med på den «lovlege» aktiviteten. Det betyr i så fall at førebyggjande helse kjem i baksetet.

Kan få konsekvensar 
Det står også å lese i brevet frå Zumba Noreg at Tono, eit andelsselskap som forvaltar komponistars, tekstforfattarars og musikkføreleggarars rettar, forvaltar framføringsrettane for musikkverk i Noreg. Det vil i praksis seie at om det i samband med trening som går føre seg i offentlege lokale blir brukt musikk, skal betalast avgifter til Tono.

– Kva skjer då med aerobic, spinning og kommunens eigen friskverntrening?

– Eg kjenner ikkje reglane godt nok, men så vidt eg veit betaler kommunen ei årleg avgift til Tono, seier Stahl.

Dermed endar situasjonen truleg med at aktivitetane i grendene blir stoppa.

«DVD og musikkmateriale produsert og distribuert av Zumba Fitness, LLC og partnere kan kun brukes av lisensierte instruktører i offentlige rom. DVD og musikk kan dog brukes fritt til hjemmebasert trening og til privat bruk, jfr. Lov om åndsverk m.v. Lov 1961-05-12-2 bla. paragraf 12», skriv Zumba Noreg ved John-Einar Opsund i vedlegget.

«Offentlig eide rom som lånes ut til treningsformål og hvor hvem som helst kan delta, kan ikke anses som privat bruk. Fremvisning av Zumba DVD og musikkmateriale som faller inn under åndsverkloven, kan dermed ikke fremføres uten tillatelse eller at man er lisensiert Zumba-instruktør. TONO forvalter fremføringsrettigheter for musikkverk i Noreg», skriv Opsund vidare.

LES OGSÅ: Ivrigast på kultur i Europa

I Treungen driv idrettslaget med Zumba utan å bruke materiell frå Zumba Noreg.

– Eg er ikkje lisensiert instruktør, men eg har vore med på Zumba tidlegare og ville derfor setje i gang med dette i Treungen. Me prøva å få ein frå Zumba Noreg til å kome hit, men det hadde han visst ikkje tid til. Eg har eigne cd-plater med musikk og nyttar ikkje materiell frå Zumba. Treungen idrettslag låner eit rom i fleirbrukshuset gratis til dette formålet, seier Unni Løken i Treungen.

Uvisse 
– Det var Tokke kommune som kontakta oss, og eg har gjeve kommunen råd etter beste evne. Kort sagt så handlar dette om at materiell tenkt til privat bruk blir brukt offentleg. For oss er det viktig at instruksjonen blir verdifull og rett for deltakarane. Derfor er det avgjerande at det blir brukt godkjente instruktørar. Det handlar om kvalitetssikring og slik at me får fylgje med på at retningslinene blir fylgd. Elles er det ikkje så heilt enkelt å definere kva som er privat og offentleg bruk. Eg er ingen jurist, seier Opsund.

– Det enklaste vil vere å sende folk på instruktørkurs. Det kostar knappe 2.000 kroner og går føre seg i dei største byane i Noreg. Kurset går over to dagar, legg han til.

Det er mykje som tyder på at folk no må belage seg på å kvitte seg med jolefeittet på anna vis enn ved å danse Zumba saman med andre. I alle fall om det er tenkt gjort i det offentlege rom og utan lisensiert instruktør.

– Vil få store konsekvensar 
Inger Synnøve Fles Lie er leiar i Åmdal IL, og seier ho blei skuffa og overraska over at kommunen kastar dametrimmen ut av samfunnshuset. 

– Fyrst lo eg og trudde det var ein spøk. Så blei eg lei meg, for med dette tek ein livet av engasjement og folks ynskje om å gjera noko i bygda. Deretter blei eg sint, fordi eg synest det er heilt tullete at me, 10-15 damer som står i mørkret og dansar etter ein cd, skal bli nekta å gjera det, seier Fles Lie, som er oppgjeven over kommunens framferd i saka. 

– Eg trur ikkje dei veit kva dei har sett i gang her. I brevet eg fekk frå kommunen no i romjola, står det at dei har tatt kontakt med Zumba Norge for å få bekrefta at kommunale bygg ikkje kan lånast/leigast ut dersom ein ikkje har ein lisensiert instruktør frå Zumba Norge. Men når eg no har tatt kontakt med Zumba Norge, har ikkje dei gode svar på kvifor det skal vera slik, anna enn at ein har ei betre oppleving med ein lisensiert instruktør. Dei seier også at utleigeforbodet ikkje har med instruktør å gjere, men TONO-avgifter, sidan me spelar musikk i det offentlege rom, seier idrettslagsleiaren. 

Ho seier ho meir enn gjerne betalar TONO-avgift dersom det må til.

– Sjølvsagt vil me det. Me vil ikkje gjera noko ulovleg. Men dersom det stemmer at me må betale ei slik avgift, trur eg det er ganske mange i Vest-Telemark og resten av landet som gjer noko ulovleg. Dei same reglane gjeld for spinning, aerobic og alt anna, som for Zumba, slår Fles Lie fast. 

Ho har alt tatt kontakt med TONO, og ventar på svar frå organisasjonen. Ho synest det er rart ho ikkje fekk høyre noko om dette då ho tok kontakt med Zumba Norge for å få råd om kva pakke ho og dei andre damene burde bestille då dei skulle i gang med Zumbatreningane. 

– Me har kjøpt alt på lovleg vis, og meiner me har gjort alt rett. Ingen sa noko om dette då me bestilte, seier Fles Lie, som ikkje veit om andre lag i Tokke har mottatt det same brevet som ho fekk. 

– Eg har prøva å kome i kontakt med Borghild Stahl, som har sendt brevet, men eg har ikkje lukkast med det så langt. Eg saknar ein god grunn for dette, slår ho fast. 

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!