Når ein guddom døyr

Åse Bjorvatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det hender denne guddommen døyr, og då sørgjer ofte naturen med. Førre gongen dette skjedde var 17. desember i fjor. Då døydde Nord-Korea sin Kim Jong-il.

Kven var han eigentleg, Kim Jong-il? Anekdotane florerar. Her i Vesten ler me av filmentusiasten som hadde sett alle Oscar-filmane, Generalen med flyskrekk og Den Kjære Leiaren som likte å sjå på ting. Det tok ikkje lang tid før Twitter var overfylt av vitsar om bortgangen til diktatoren.

«Eg er forvirra: CNN melder at Kim Jong-il er død, men nord-koreansk presse seier at han for augneblinken kjempar mot ein 30 m høg amerikansk super-robot.» kvitra Holly frå London.

I heimlandet er situasjonen ein litt annan. Ifølgje nasjonal presse (KCNA) har sjølv naturen vist teikn til sorg. Særleg i nærleiken av det heilage revolusjonsfjellet Paektu skal underlege naturfenomen blitt observert. Eit mystisk lys skein over fjelltoppen, ein snøstorm oppstod og isen på innsjøen sprakk høglydt då Kim Jong-il døydde.

I Nord-Korea blei det straks erklært nasjonal sørgjeperiode på 13 dagar. Skal ein tru bileta, har det vore ytst smertefullt for nord-koreanarane å miste leiaren sin. Og under minnemarkeringa til landsfaderen strøymde millionar av sørgjande til gatene. Fleire bilete viser nord-koreanarar som fell til bakken og gret. Det heile toppa seg torsdag 29. desember kl. 12. I tre minutt tuta alt av lokomotiv og skip, salutter blei fyrt av og eit heilt folk bøygde hovudet til ære for den avdøde.

Det er ikkje lett å avgjere om alle tårane, ropa og sørgjetoga er oppriktige eller arrangerte. Kan hende er det begge. Nord-koreanarane er fødd opp på propaganda om kor fantastisk leiaren deira er. Kim Jong-il fann nemleg opp hamburgaren, han er den beste golfspelaren i historia og den mest populære statsleiaren i verda. Difor feirar alle land og folk bursdagen hans. Vidare hadde han «evner og ein personlegdom som ein mann på høgaste og mest perfekte nivå. Han leda revolusjonen til stadig nye sigrar med sine djupe ideologiar og teoriar samt framifrå leiarskap,” skriv det nasjonale nyhendebyrået, KCNA. No lever ikkje Kjære Leiar lenger. Er det rart folk gret?

Som det diktaturet det er, handlar alt i Nord-Korea om leiaren. Alt i samfunnet, både offentleg og privat, er strengt regulert etter diktatoren si vilje. Det som ikkje er forbode, er påbode ved lov. No blir det byte av leiar. Det markerer byrjinga på ei framtid ingen veit kva vil bringe. For nord-koreanarane er det eit spørsmål om identitet, sikkerheit og evne til å overleve i ei farefull verd. Vil etterfølgjaren makte å verne landet mot den kapitalistiske omverda? I nabolanda og Vesten blir det diskutert kva retning den nye leiaren vil føre. Kan ein vente meir velvilje til internasjonalt samarbeid i framtida?

Nord-Korea har allereie fått sin nye leiar. Han heiter Kim Jong-un, er truleg 28 år og yngste sonen til avdøde. Eit ungt menneske, altså. Kanskje var det han som skulle reformere Nord-Korea? Det tok ikkje lang tid, så kom meldinga frå den nasjonale forsvarskommisjonen, «Vi erklærer høgtidsamt og med visse at dei tåpelege politikarane omkring på jorda, inkludert nikkedukkane i Sør-Korea, ikkje bør forvente noko endring frå oss.»

LES OGSÅ: Kim Jong-Il ser på pølser