Vil arbeida to år ekstra
Nesten halvparten av norske arbeidstakarar ønskjer å arbeida to år utover vanleg pensjonsalder.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I ei undersøking er arbeidstakarar i Noreg og 24 andre land spurde om dei ønskjer å arbeida to år lenger enn den offisielle pensjonsalderen, fortel ANB. I Noreg svarar 46 prosent av at dei ønskjer seg to ekstra år i arbeidslivet. I Sverige er tilsvarande tal berre 31 prosent, medan 42 prosent av danskane gjerne vil utsetja pensjonstilværet eit par år.
Arbeidstakarar i Luxembourg, Sveits, Frankrike og Tyskland er minst lystne på å arbeida lenge. Her ønskjer under 30 prosent å arbeida i to ekstra år. Berre polakkane og britane er meir ivrige enn oss.
– Inntrykket vårt er at nordmenn trivst med arbeidsoppgåvene sine, og at dei fleste har ein gjevande kvardag, seier Camilla Grana. Ho er dagleg leiar i den norske delen av bemanningsselskapet Ranstad, som står bak undersøkinga.
– Det norske arbeidslivet er fleksibelt og lite hierarkisk, og det kan bidra til at folk ønskjer å arbeida lenger, meiner ho. (©NPK)