Sjekk vilkåra når du skriv treningskontrakt
Forbrukarrådet ber deg sjekke kontrakten med treningssentera nøye.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjekk vilkåra på treningssenter
Januar er høgsesong for treningssentera, og det er ingen reglar for korleis kontraktane med kundane skal vere, berre retningslinjer.
– Treningssenteret er den sterke parten, og du har lite du skulle ha sagt. Det er difor svært viktig å setje seg inn i avtalen før du skriv under, seier Ingeborg Flønes, direktør for forbrukarservice ved Forbrukarrådet.
Ho viser til at du berre har angrerett dersom du teiknar avtalen på gata, eller over internett. Gjer du det ved skranken, er du fanga.
Forbrukarrådet har difor laga ei sjekkliste for deg som skal inngå treningsavtale med eit senter.
LES OGSÅ: Uroa over slapp ungdom
Sjekk totalsummen du skal betale. Etableringsgebyr og oppstartavgift blir ofte lagt til treningsavgifta.
Sjekk bindingstida på medlemskapen og kor lang ho er. Forbrukarombodet tilrår at bindingstida ikkje er meir enn eitt år, men det er ikkje ulovleg å krevje lengre tid. Sjekk også om du aktivt må melde deg ut om du ønskjer det når bindingstida er over.
Sjekk om det er mogleg å fryse medlemskapen. Dersom du slår opp ein gammal idrettsskade når du startar å trene, er det surt å måtte betale for eit treningstilbod du ikkje kan bruke.
Sjekk oppseiingstida. Det er tilrådd ein månad, men ofte er det tre, og ofte må du seie opp skriftleg.
– Dersom du følgjer desse enkle råda slepp du at nyttårsforsetta dine fører til unødvendige problem, seier Ingeborg Flønes ved Forbrukarrådet. (©NPK)