Bokvår med Fosse og krim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er noko av det bokelskarar kan sjå fram til i det nye året. Ein total oversikt er umogleg å gje, men her er nokre smakebitar, først frå krimverda:

Vinnarane av Rivertonprisen dei to siste åra, Chris Tvedt og Tom Egeland, kjem begge med nye bøker til våren. Unni Lindell kjem med ei ny bok om Cato Isaksen og Hans Olav Lahlum kjem med tredje bind på to år om etterforskarparet K2 og Patricia.

Jan Erik Fjell kjem neste haust med den vanskelege andreboka. Fjell brakdebuterte med krimboka «Tysteren» i 2010, som han fekk Bokhandlerprisen for. «Tysteren» toppa ei stund bestseljarlistene og er til no selt i cirka 90.000 eksemplar. «Rovdyr» er den førebelse arbeidstittelen på den nye boka. Lesarane vil få møte att Kripos-etterforskaren Anton Brekke.

Debuterer
Blant dei første krimdebutantane neste år er Marit Reiersgård, som 27. januar kjem med boka «Stolpesnø». Handlinga er lagt til heimstaden Lier.

Debutant er også Ulrik Imtiaz Rolfsen, mannen bak TV-serien «Taxi». «Gass» heiter boka som handlar om korrupsjon i oljebransjen.

Eva Joly thrillerdebuterer med «Liras øyne», som ho har skrive saman med Judith Perrignon. Boka kjem i februar og hentar tema frå finansverda.

Sterke nordiske krimnamn som Jussi-Adler Olsen, Camilla Läckberg, Lars Kepler og Arnaldur Indridason kjem også med ny krim på norsk neste år. Det gjer også islandske Yrsa Sigurdardóttir. «Jeg vet hvem du er» heiter boka, som vart nominert til den nordiske krimprisen Glassnøkkelen. Boka skal også filmast av Sigurjón Sighvatsson.

Kjærleik
Blant dei første som gjev ut ny bok i 2012 er den nye Grotten-bebuaren Jon Fosse. Ikkje dramatikk denne gongen, men ein ny roman. I slutten av januar kjem «Olavs draumar», som er ein fri oppfølgjar av den vakre forteljinga «Andvake» frå 2007.

– «Olavs draumar» er ei lysande skildring av kjærleiken mellom to menneske. Ei stor lesaroppleving, seier informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Romanen «Roadmovie» handlar om ein omsetjar i Samlaget, men kjem ut på Aschehoug. Stephen Walton skriv om Bodvin Rovde som høgst motvillig tek på seg oppdraget med å omsetje eit manus for Samlaget. Ifølgje Aschehoug skriv Walton om norsk kulturliv i det som blir omtala som ein satirisk og morosam roman.

På sjølve kvinnedagen 8. mars kjem Håvard Rems diktsamling «30 40 50». Dette er den første reine diktsamlinga frå Rem på 18 år. Boka tek for seg livet til ein mann i tretti-, førti- og femtiåra. Schibsted forlag meiner at dette er «poesiens Knausgård».

– Dikta er sjølvutleverande, ærlege og direkte, seier informasjonssjef Anne Iversen i Schibsted.

Ingvar Ambjørnsen varslar at også han kjem med ny bok neste år. Det er ei stund sidan den elles så produktive forfattaren har gledd tilhengjarane sine med ein ny tittel.

– Men det blir ein roman i 2012, seier han i eit juleintervju med Dagbladet.

Omsett
Cecilia Samartin, som i haust gjekk rett inn på førsteplass på boklista med «La Peregrina», kjem neste haust med ein ny roman på norsk.

Nye romanar av Bookerprisvinnarane Julian Barnes, Anne Enright og Alan Hollinghurst kjem også på norsk til våren. Det gjer også nye bøker av Monica Ali og Maggie O'Farrell, blant mange andre.

Piratforlaget gjev ut danske Hanne-Vibeke Holsts nye roman «Unnskyldningen», som er eit familiedrama over fleire generasjonar. Holst er mest kjent for trilogien sin om kvinner og makt i Danmark etter tusenårsskiftet som vart avslutta med «Dronningofferet i 2008». Bøkene har også vorte ein populær TV-serie. (©NPK)